Ukulele er den nye blokkfløyta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lyden frå 30 ukuleler fyller heile festsalen på Raulandshuset, medan fem musikklærarar hjelper elevane med å stemme før samspelet skal i gang. Ein ting er sikkert: Det er utan tvil meir behageleg å høyre litt usynkront ukulelespel før samspelet startar, enn 30 blokkfløytespelarar i fri dressur.

Så er alle ukulelene ferdig stemte, og tretti 13-åringar sit stille med kvart sitt vesle strenginstrument i fanget. To, tre fir – og «Pay me my money down» er i gang. Grepa er på plass, og Rauland- og Åmot-elevane leverer også ein fin versjon av «I’m yours» av Jason Mraz før dei legg vekk ukulelene ei beite. Det er tid for å rocke det opp litt.

Musikkglede og rockens historie
Ei heil veke av skuleåret er via til rocken i mange klasser i Vinje-skulane. Rockehistorie, samspel, bandøving, instrumentlære og musikkglede står på timeplanen i 8. klassene i Rauland, Edland og Åmot, 7. klasse på Vinje/Åmot skule og 5.–7. klasse i Øyfjell.

Kulturskulen i Vinje står bak rockeveka, der dei tek over all undervisning i ei veke. I fjor søkte dei og fekk 150 000 kroner frå Utdanningsdirektoratet til å gjennomføre dette prosjektet. Kulturskulen stiller med fullt opplegg, førti ukuleler og fem lærarar med «høg kompetanse innan breibeint headbanging og feite gitarsoloar».

Skulane stiller med rom og elevanes tid.

Meistring og musikkglede er sentralt. At elevane skal bli trygge på seg sjølve på scenen. Å auke «scenebevisstheita» – at dei må tenkje på kva dei gjer og korleis dei rører seg på scenen. Korleis får ein med seg publikum?

Samspelet er også viktig. Elevane må lytte til kvarandre, og ta omsyn til kvarandre. Dei som kan ein del om instrumenta frå før, er med på å undervise og hjelpe dei andre elevane.

Dei har også ein time rockehistorie kvar dag.

– Rockekulturen har hatt betyding for mykje opp gjennom åra – og slett ikkje berre for musikken, men også for politikken, motar og ungdomskulturen til dømes, seier Anders Blystad, rektor i kulturskulen og rocktor på rockeskulen.

LES OGSÅ: Drøymer om å designa klede for Lady Gaga

Kiss og Lady Gaga
Sjølv om ungdomane spelar både pop og country, Lady Gaga og Taylor Swift i rockeveka, er det rocken som står i høgsetet. «Heaven’s on fire» av Kiss, framført av ei gruppe åttandeklassingar på gitar, bass, trommer og med tre vokalistar, overtek når ukulelene er lagt vekk. Det er tysdag morgon, så førebels har dei berre hatt ein dag til å øve på låta. Ein gitarist reserverer seg litt før framføringa: «Eg æ’kje sø god på den sologreia». Neivel, svarar læraren, men så har du berre spela han i ein dag endå.

Men soloen, heile greia, går strålande. Resten også. Gjengen rockar som dei aldri skulle gjort anna. Ein av vokalistane, Såvi Bjåen, kan songen frå før.

– Er du kanskje ein rockegut du, sidan du kan Kiss-låtar?

– Neeii …

Så vi dreg på det.

– Men han blir det nok når denne veka er over, forsikrar ein smilande og stolt rocktor.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!