Ein skadeleg avtale

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Champagnekorkane gjekk i taket i Doha sist laurdag. Mange av dei rike og dei ikkje fullt så rike landa i verda vart samde om å forlengja Kyoto-avtalen fram til 2020. Endå ein gong hadde EU, Australia og Russland vorte samde om å gjera noko for å halda CO2-utsleppa nede.

«Vi er veldig fornøyde med at vi får i land en avtale. Den vil gi store utslippskutt», sa den norske forhandlingsleiaren, miljøvernminister Bård Vegar Solhjell til VG.

Spørsmålet er om han trur på det sjølv. For lite eller ingenting tyder på at Kyoto-avtalen hjelper verdsklimaet. Tvert imot gjer avtalen nok stoda verre om vi skal døma etter korleis det har gått sidan avtalen fyrst vart underskriven i 1997. For EU skal enkelt og greitt halda fram med å konsentrera seg om å få ned eigne utslepp, og det samstundes som dei importerer CO2-intensive varer frå USA, Kina og India. Ingen av dei skreiv under på den nye Kyoto-avtalen.

Dramatisk auke
Før den industrielle revolusjonen var brøken av CO2 i lufta 275 over éin million i atmosfæren, i dag nærmar vi oss 400 over millionen. I 1990 auka innhaldet med to CO2-einingar året, no er den årlege auken nesten tre. Vitskapen som framleis er usikker – det kan verta meir, det kan verta mindre –, fortel oss at 400 til 450 gjev 2 celsius i temperaturauke.

Har vitskapsfolka rett, og vi likevel held fram med å auka utsleppa, går vi raskt mot 3 grader med auke, som vi kanskje kan greia. Men held vi vidare fram, kan vi koma opp mot 6 grader. Då snakkar vi amerikansk katastrofefilm.

Vi skal visst halda fram. Kyoto regulerer berre 14 prosent av dei samla CO2-utsleppa i verda, og prosentdelen er raskt minkande ettersom utsleppa utanfor Kyoto-området aukar snøgt.

Sidan 1990 har Kina hatt ein økonomisk vekst på 7 til 10 prosent i året, no er den kinesiske økonomien fire gonger så stor som han var for tjue år sidan. Ein årleg vekst på 7 prosent doblar økonomien kvart tiande år. Veksten har i all hovudsak vore basert på kol, den mest skitne av alle skitne energiformer.

For tjue år sidan vart råmeverket for å få ned CO2-ut­­sleppa, UNFCCC, vedteke under Rio-konferansen. I kortform sa vedtaket at dei rike landa i verda, området der auken i CO2-utslepp langt på veg var over, åleine skulle taka på seg ansvaret for å stogga utsleppsauken.

Fem år seinare fekk vi Kyoto, men USA ratifiserte aldri avtalen, og EU og Vest-Europa vart ståande åleine att som føredømet for den tredje verda, den delen av verda der utsleppa voks dramatisk. I praksis, viste det seg, vedtok FN at eit globalt problem skulle løysast i Vest-Europa. EU tok ansvaret, særleg Tyskland og Nord-Europa byrja å byggja vindmylner og montera solpanel på tak.

Ein stor suksess
Politikken har vore ein stor suksess, skal vi tru europeiske leiarar. For medan den samla EU-økonomien voks med 40 prosent mellom 1990 og 2009, gjekk faktisk CO2-utsleppa ned med 16 prosent. Denne observasjonen fekk danske Connie Hedegaard, EUs mangeårige klimakommissær, til å seia fylgjande: «Det er altså fullt mogeleg å kutta utsleppa i kombinasjon med økonomisk vekst.»

Den same utviklinga ein såg i EU generelt, såg ein i Storbritannia spesielt: Mellom 1990 og 2005 voks den britiske økonomien sterkt, medan utsleppa gjekk ned med 15 prosent. Men diverre: Det såkalla karbon­avtrykket gjekk opp med 19 prosent om ein rekna med importen. Stålet som før vart produsert i England, vart no laga i Kina og skipa attende til England. Medan dei direkte utsleppa gjekk ned, gjekk det røynlege CO2-forbruket opp over stort sett heile EU.

Kor store er så EUs eigne direkte utslepp og bruk av energieiningar samanlikna med Kinas? «Kinas del av den globale kolproduksjonen er nesten fire gonger så høg som Saudi-Arabias produksjon av olje. Delen deira av den globale kolbruken er meir enn dobbelt så høg som det samla forbruket til USA av olje. Den lokale kinesiske kolmarknaden er meir enn tre gonger så stor som heile den internasjonale kolhandelen», skriv Det internasjonale energibyrået, IEA. Kol genererer elles meir enn dobbelt så høge CO2-utslepp som gass og langt meir enn olje.

Om veksten i Kina held fram til 2020 – det året verdsleiarane skal setja seg ned og sjå om dei får til ein ny klimaavtale – kjem Kina til å ha bygt ny kolkraftproduksjon tilsvarande meir enn heile Europas kolkraftindustri.

Kvart år legg Kina til ny kolkraftproduksjon som er like stor som Storbritannias årlege produksjon av kraft, og den kinesiske kraftproduksjonen er meir enn dobbelt så ureinande som den britiske.

52.000 vindmylner
Skal EU kompensera for den årlege veksten i Kina og Indias bruk av kol, må dei kvart år byggja 52.000 ekstremt store vindmylner. Men kva om Kina legg om politikken? Dersom den noverande veksten held fram, får Kina 460 nye kol-GW i kapasitet innan utgangen av dette tiåret (for å setja det i perspektiv: USAs bruk av kol gjev 360 GW i året, som svarar til 45 prosent av produksjonen av elektrisk kraft).

Altså vil energibruken frå kol til elektrisk kraft vera 460 GW ekstra i 2020 samanlikna med 2012. Kommunistpartiet meiner det er vel mykje. Dei har lagt planar om at kol som primærkjelde for energiforbruk skal ned frå 70 til 63 prosent, det vil redusera veksten frå 460 til ein stad mellom 350 og 400 GWh.

Tyder så dette at EU er makteslaus? Det ein kan slå fast, er at EU, og for den del Noreg, som førebilete ikkje har fungert. Det ein òg kan slå fast, er at klimapolitikken til EU er dyr og full av paradoks: Om EU til dømes vil halda fram med å produsera stadig meir fornyeleg energi basert på dagens teknologi, må dei halda fram med å subsidiera vind og sol.

Subsidiar gjer EU fattigare enn det elles ville ha vore – som på si side fører til mindre peng­ar til forsking på nettopp fornyeleg energi. Subsidiert fornyeleg energi gjer òg at prisen på all energi vert lægre, og di lægre prisen vert på energi, di billegare vert kolet Kina og India kjøper.

EU har dessutan eit kvotesystem som regulerer kor mykje CO2 dei kan sleppa ut, dei har i samsvar med Kyoto sett eit tak for CO2-utslepp. Om det kjem meir fornyeleg energi inn i EU-systemet, vert prisen på CO2-kvotane dimed lægre. Enkelt sagt: Di meir vasskraft Noreg sender til kontinentet, di billegare vert det for polske kolkraftverk å ureina. Lista over paradoks er lang.

Alternativ?
Lat oss likevel tenkja positivt: Vi går ut ifrå at EU er ein heilt lukka marknad og vedtek ein sams høg karbonskatt samstundes som ein sluttar å subsidiera fornyeleg kraft, som dei fleste energiøkonomar ynskjer. Under eit slikt system ville prisen på fossilt brennstoff gå dramatisk opp, men prisen ville gå ulikt opp for ulike fossile kjelder. Samanlikna med kol slepp naturgass berre ut 45 prosent så mykje CO2 per produsert eining med kraft.

Om vi set den nye karbonskatten høgt nok, vil kraftmarknaden i Europa snøgt gå frå å nytta kol til å nytta gass, og vi får ein nedgang i CO2-utsleppa. Lat oss vidare seia at karbonprisen vert sett så høgt at også det å nytta gass vert dyrt. Kva skjer då? Jau, då seier teorien at fornyeleg energi tek meir og meir over.

Framtida er her. Marknaden ordnar opp, vi går frå kol, til gass til vind og sol.

Problemet er berre at ein må setja prisane på karbonskatten særs høgt om fornyeleg energi, bortsett frå vasskraft, skal verta lønsam. Dessutan er det ytst tvilsamt om dagens fornyelege teknologi er god nok til at han kan gjera store innhogg i den europeiske marknaden anna enn på svært vindfylte dagar.

David Mackay, fysikkprofessor og klimarådgjevar til den britiske regjeringa, har rekna ut at om ein dekkjer den 10 prosenten av Storbritannia der det blæs mest, med vindmylner, vil det svara til 25 kilometer med bilkøyring per brite per dag, helvta av det gjennomsnittsbriten køyrer. Skulle ein byggja den same vindkapasiteten til havs, måtte Storbritannia byggja eit belte rundt heile kysten, 3000 km, og rekkja av mylner måtte vera vel 4 km brei, til saman 13.000 kvadratkilometer.

I tillegg kjem det at korkje sol eller vind er trufaste leverandørar av kraft. Å investera i eit gasskraftverk etter at eit nytt karbonskattregime eventuelt er kome på plass, er i utgangspunket ein god idé. Men berre om prisane er nokolunde stabile, og det vil dei nok ikkje vera.

Vindturbinar kan på gode dagar levera mykje kraft. Dei dagane det blæs mykje, vil dimed prisen på kraft gå ned, og investorane taper pengar på å halda gassturbinen gåande.

Det skal ikkje vera lett. I alle høve treng EU kraftkapasitet for dagar der sola ikkje skin og vinden ikkje blæs, som typisk nok er dei mest kalde vinterdagane. Under eit slikt regime vil kol- og gasskraftprodusentane vera i ein god posisjon for å krevja subsidiar.

Industridaude
Dessutan er ikkje EU ein del av ein lukka energimarknad, EU er ein del av ein global marknad. Om EU fører inn ein høg karbonskatt, gjer det energien i EU svært dyr mykje av tida, og industrien i EU kjem til å verta endå meir utkonkurrert. Kvifor skal til dømes Hydro eller andre halda seg med ein aluminiumsfabrikk i England når prisen på energi der er ti gonger så høg som i Kina? Men om Hydro byggjer i Kina, vert CO2-utsleppa dobla per produsert eining sidan utsleppa frå kraftproduksjon i England er helvta av det han er i Kina.

Konklusjonen ser ut til å gje seg sjølv: Verda må få ein global karbonskatt, men det kjem ikkje kloten til å få sidan Kina, USA og India seier nei.

Ein slik konklusjon er kanskje for pessimistisk. I den seinaste boka si, The Carbon Crunch. How We’re Getting Climate Change Wrong – and How to Fix It, konkluderer energiøkonomen og Oxford-professoren Dieter Helm med at klimapolitikken til EU har vore ein katastrofe, men han peikar òg på at EØS-området framleis er verdas største marknad.

Det gjev makt. Og makt gjev høve.

Helms tek til ords for at EU må slutta å tenkja utslepp i eige område og i staden konsentrera seg om karbonavtrykk. Helms vil at EU skal føra inn ein CO2-toll for slik å gjera CO2-prisane på varer i EU-marknaden til globale prisar.

Om til dømes Kina vil selja ein aluminiumsbarre til Storbritannia, skal EU føra inn ein toll for dei ekstra globale utsleppa det fører med seg. Under eit slikt regime vil ein britisk aluminiumsprodusent tenkja seg om fleire gonger før han flytter produksjonen til Kina sidan det vil verta langt dyrare å eksportera til EU enn det var før.

Ingen avtalar
Helms vil ikkje stogga der, han vil òg gje tollrabatt til Kina om regimet vedtek ein nasjonal karbonskatt. Om Kina sjølv fører inn karbonskatt på lik line med EU, skal Kina sleppa all tollen, noko han reknar med at Kina vil gjera sidan dei då får behalda inntekter som elles ville ha gått til EU.

Helms von er at eit slikt system kan spreia seg over heile kloten og at tollen til slutt vert overflødig. Ein annan føremon med eit slikt system er at ein ikkje lenger treng internasjonale tingingar og avtalar. Produsentane må i alle høve betala for CO2-utsleppa.

Så kanskje kan vi få eit system der verda fyrst går frå kol til gass og vidare til ei eller anna form for fornyeleg energi som forskarane enno ikkje har funne.

I mellomtida får vi trøysta oss med at både Kina og USA har synt seg fulle av skifergass. Takka vere billeg skifer­gass har USA no overoppfylt sin del av den fyrste Kyoto-avtalen, og det endå om Kongressen aldri ratifiserte han. 

Les meir i Dag og tid!