Vil gje nyutdanna jenter full jobb

Kor mykje ein faktisk arbeider, må få noko å seia for stillingsprosenten, meiner arbeidsminister Anniken Huitfeldt (Ap), som vil ufrivillig deltid til livs.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Huitfeldt vil gje deltidstilsette rett på ein stillingsprosent som står i stil med kor mykje dei faktisk arbeider. Arbeidsdepartementet sender forslaget ut på høyring under tittelen «krafttak mot ufrivillig deltid», skriv Dagsavisen.

I forslaget foreslår arbeidsministeren at dei tillitsvalde jamleg diskuterer bruken av deltid med sjefane. Ho vil dessutan ha ein lovbestemt rett til ein utvida stillingsprosent som matchar den reelle arbeidstida deira. Tilsette som ikkje arbeider fullt, skal dessutan ha fortrinnsrett på 100-prosentstillingar.

Huitfeldt meiner ufrivillig deltid er ei utfordring i norsk arbeidsliv og ei viktig årsak til store lønsskilnader og i opptening av pensjonspoeng. Ho vil difor setja unge arbeidstakarar i helse- og omsorgsyrke fremst i køen for full jobb.

LES OGSÅ: – Mange sjukepleiarstudentar er utrygge

– Dei nyutdanna sjukepleiarane ønskjer i større grad heiltid enn dei vaksne sjukepleiarane. Vi må laga nye reglar som passar ein ny generasjon jenter, seier arbeidsministeren. (©NPK)