Ukjende folketonar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Draup er Liv-Jorun Blakset og Randi-Merete Roset frå Stryn. Duoen skaper vakre tonar av vatn i glas.

– Me må vera heilt reine på hendene. Så dyppar me dei i lunka vatn før me startar og undervegs, fortel Roset.

Rom for ettertanke
Søndag deltok dei på lysmesse i Leikanger kyrkje. Konfirmantane hadde ulike oppgåver denne kvelden og lys stod i sentrum. Saman med Unni Løvlid tok Draup del i kveldsstunda i kyrkja.

Lite kjende folketonar
Dei har samarbeidd fleire gonger før, mellom anna på enkeltkonsertar og Nordfjord-turné i fjor. No er dei på ny juleturné i fylket.

– Materialet vårt er folketonar frå Sogn og Fjordane. Musikk som ikkje er nytta offentleg i særleg grad, men som lever i enkelte slekter, i undergrunnen forklarer Løvlid, som har røtene sine i Hornindal.

LES OGSÅ: Folkemusikk + svensk rap = sant

Salmediktar
Mange vart kjende med Draup då dei deltok i Norske Talenter på TV» i 2008.

– Det byrja med Mathias Orheim, han nytta glas, fortel Roset.

Mange nyfikne
Salmediktaren frå Nordfjord (1884–1958) har vore inspirator og kultur­skulelæraren deira heime i Stryn oppmuntra til vidare satsing på glas som instrument. Mellom anna deltok dei i Sogn og Fjordane Teater si oppsetjing av stykket om Mathias Orheim.

Mange var svært nyfikne på kombinasjonen med glas-akkompagnement og nokre av konfirmantane nytta høve til å testa ut kunsten å spela på glas etter lysmessa.

– Mange har fått augo opp for oss og me speler fleire ulike sjangrar, til dømes pop, seier Blakset.

LES SAKA I SOGN AVIS!