Folkemusikk + svensk rap = sant
Saman med den svenske rapparen Snakka San er folkemusikkgruppa Sver stadig å høyre på norsk radio. No blir det plate.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sver og Snakka San har vore på P3-listene i to veker allereie.
Snakka San er godt kjent i Sverige, innan sjangeren reggae/dancehall. Utruleg nok er dette ein svært vellykka miks med folkemusikarane i Sver, med felespelar Olav Luksengård Mjelva i spissen.
Konstellasjonen har spelt saman på fleire festivalar, slik som Telemarkfestivalen og Ekstremsportveko.
Låten ”Bankman gangster” er deira fyrste singel saman.
No tek dei sikte på eit fullt album i 2012.
Sjå ein av den festlege Fossegrimen-videoen til Sver her: