– Høgre vil ta frå svake kommunar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I innstillinga til budsjett for kommunane tek Høgre til orde for høg lokal finansiering av kommunale tenester og at kommunane skal vera mindre avhengige av statleg overføring, skriv Nationen.

– Høgre ønskjer at kommunane skal finansierast av ein større del av eigne skatteinntekter, og 4,25 prosent av selskapsskatten, heiter det i innstillinga.

Nye utrekningar frå Kommunal- og regionaldepartementet viser at 373 kommunar over heile landet kjem til å tapa på Høgres fordeling av skatteinntekter, medan dei 55 kommunane med størst skatteinngang per i dag kjem til å vinna.

– Anslaget me har gjort viser at forslaga til Høgre inneber at 2,2 milliardar blir omfordelte mellom kommunane. Av dei 55 kommunane som tener på omfordelinga, kjem dei 11 som tener mest frå før til å få over to milliardar, seier Navarsete til Nationen.

LES OGSÅ: Stadig fleire får eigedomsskatt

Ho fryktar dårlegare kommunale tenester og akselerert sentralisering med politikken til Høgre.

Kommunalpolitisk talsperson i Høgre, Trond Helleland, seier utrekningane byggjer på gamle tal og er heilt feil.

Han viser til at Høgre i budsjettet for neste år tek til orde for å halda på inntektsgarantiordninga for kommunane.

– Det inneber at ein kommune aldri vil kunna tapa meir enn 300 kroner per innbyggjar og heller aldri vinna meir enn 300 per innbyggjar per år. (©NPK)