Laleh er attende

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Iran, Sovjet, Sverige
30 år gamle Laleh er vorten stor i Noreg i 2012. Men det er allereie lenge sidan ho starta som musikar. Laleh er fødd i ein nordleg hamneby i Iran 1982, men flykta med foreldra som eittåring. På veg til Sverige budde ho både i Aserbajdsjan og Kviterussland (som begge på det tidspunktet var delar av Sovjetunionen). Då ho var 12, kom familien til eit asylmottak i Tidaholm.

Etter å ha lytta til sirkusmusikk og klassisk musikk som barn oppdaga Laleh Sting og The Police då ho kom til Sverige. Familien flytta til Göteborg, der Laleh starta på musikklina; ho lærte seg å spele gitar, og starta jazzbandet Bejola med ein av lærarane sine. Seinare lærte ho seg å spele både trommer og saksofon på eiga hand. Men det var ikkje som musikar Laleh først dukka opp i svensk offentlegheit.

LES OGSÅ: – Døve har like mykje glede av musikk

Film- og Grammis-stjerne
Som 18-åring hadde Laleh hovudrolla i komedien Jalla! Jalla!(2000) av Josef Fares, som vart populær både i Sverige og Noreg. Nokre år seinare grunnla ho sitt eige produksjonsselskap – men debuten kom ikkje ut før i 2005. Albumet Laleh hadde to store hits, «Invisible» (My Song) og «Live Tomorrow». Som på dei seinare utgjevingane veksla Laleh mellom å syngje på engelsk og svensk – men på debuten også på persisk. Ved slutten av 2005 var albumet hennar det mestseljande det året, og på Grammis-utdelinga vann ho prisar for beste artist, produsent og nykommar. Delar av inntektene gav ho til gode formål.

Oppfølgjaren Prinsessorkom allereie året etter. Det store sjanger-spriket som kritikarane roste førstealbumet for, vart ikkje like godt motteke denne gongen, og ingen av singlane slo igjennom som hits. Ho skreiv songen «Snö» til storfilmen Arn(2007), og flytta så nordover til Västerbotten. Her budde Laleh i eitt år, for å finne ro og oppleve eit nytt miljø. Songen «Bjurö klubb», som vart ein forseinka hit i 2011, handlar om denne tida.

Få fleire musikktips frå Anna Kleiva her!

Så mykje betre
Tredjealbumet Me and Simon (2009) møtte omtrent same lagnad som Prinsessor – sjølv om «Big City Love» vart ein liten nedlastingshit, og Laleh turnerte i både Skandinavia, Tyskland og Storbritannia. Det vart likevel kalla eit comeback då Laleh hausten 2011 dukka opp i tv-programmet «Så mycket bättre». I den svenske versjonen av «Hver gang vi møtes» opplevde ho ein kanskje enda større suksess med coverversjonane sine enn Vinni gjorde i den norske utgåva nokre månader seinare. I tillegg til coverlåtane dukka gamle songar (som «Bjurö klubb») opp på nedlastingslistene, og førte til at Laleh på eit tidspunkt hadde 12 songar inne på topp 40-lista!

Så kom Sjung(2012) – albumet som gjorde Laleh kjend i Noreg. Singelen «Some Die Young» vart ein kjempehit både i Sverige og Noreg – og opna blant anna minnekonserten for 22. juli på Rådhusplassen i sommar. Også «Vårens första dag» toppa hitlister. Som på dei tidlegare albuma var songane skrivne, instrumenta spelte på, og albumet teke opp og produsert av Laleh sjølv. På turné tok ho sjølvsagt med seg eit band – og gjesta blant anna Norwegian Wood-festivalen i Oslo i juni.

Først publisert i Norsk Barneblad.