Gjennomslag for barn og unge

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er glad for at kulturpolitikarane merker seg at barne- og ungdomsorganisasjonane har vakse det siste tiåret, og for at ein samla komite slår fast at tilveksten ikkje må svekkje økonomien til dei eksisterande organisasjonane, seier generalsekretær i LNU, Martin Vonstad Østerdal i ei pressemelding.

Ikkje fleirtal for meir pengar
Fleire av opposisjonspartia ønskjer ei raskare innfasing av den nye tippenøkkelen, der Frifond er sikra ein kraftig vekst. Ingen av partia omtalar den nasjonale grunnstøtta frå Barne-, likestillings- og familiedepartementet (BLD).

Framstegspartiet ønskjer på si side å ”effektivisere” posten som finansierer den internasjonale grunnstøtta, og føreslår eit kutt. Dei vil også ha ei avbyråkratisert momskompensasjonsordning med 100 prosent ”direkte” refusjon til organisasjonane, utan at det går fram korleis dette skal skje. Dei øvrige opposisjonspartia er einige i at målet må vere ei rettigheitsbasert ordning med full kompensasjon, men støttar likevel regjeringspartias budsjettforslag for 2013.

Østerdal stussar over forslaget frå Frp om å opprette ei ny tilskotsordning for frivillig barne- og ungdomsaktivitet, til forveksling lik Frifond. Dette forslaget låg også inne i fjor og året før, trass i at Frp litt tidlegare i innstillinga rosar Frifond opp i skyane, saman med resten av komiteen. 

– Vi set stor pris på at Frp ønskjer å satse 150 friske millionar på lokal aktivitet for barn og unge, men forstår ikkje heilt kvifor dei vil gjere det på ein så byråkratisk måte som å opprette ei støtteordning som allereie eksisterer, seier Østerdal med eit smil.

KrF vil styrkje Frifond med fem millionar utover regjeringas forslag. I tillegg vil KrF gje fem millionar ekstra til skolekorpsa, og auke løyvinga til kor og vokalføremål med heile 46,5 millionar. I dette ligg mellom anna meir aktivitetsstøtte og pengar til kompetanseheving for dirigentar.

Som venta blir det likevel ikkje fleirtal for nokon kronemessige endringar i høve til budsjettforslaget som regjeringa la fram i oktober. 

LES OGSÅ: – Kulturungdom er vinnarar

Vil ha nye inntektsmulegheiter
Alle partia, med unntak av Frp, ønskjer å oppretthalde spelemonopolet til Norsk Tipping. Frp ønskjer dels at dei tidlegare automatorganisasjonane skal få opprette nye spel innanfor monopolet og ”en ansvarlig spillpolitikk”, dels å fjerne monopolet. Det går ikkje fram av merknadene korleis dette skal gjennomførast i praksis. 

Opposisjonspartia vil samstundes at frivillig sektor i større grad skal kunne skaffe seg inntekter frå andre kjelder enn spel, men kjem ikkje med anna døme på dette enn at regjeringa bør gjere det enklare ”å arrangere mindre lotterier”. Høgare skattefrådrag for gåver og heva grense for skatteplikt på mindre honorar, er andre verkemiddel opposisjonen lanserer. 

Alle vil forenkle
Ein samla komité ønskjer meir samarbeid på tvers av etatar om barne- og ungdomspolitikken. Regjeringspartia Ap, SV og Senterpartiet, viser til at barne- og ungdomsorganisasjonane oppmodar regjeringa til å satse på eksisterande støtteordningar, framfor å opprette nye.

LES OGSÅ: Frivillige blir kvelt av byråkrati

Opposisjonspartia har lytta til andre delar av LNUs merknadsforslag, og ønskjer ein sterkare forenklingsinnsats frå regjeringa. Dei peikar på LNUs innspel på budsjetthøyringa i oktober, og fremjar LNU-forslaget om at regjeringa i samband med revidert budsjett våren 2013 skal kome tilbake med ein rapport om iverksette og komande forenklingstiltak. Berre opposisjonspartia stiller seg bak forslaget, som neppe får fleirtal i Stortinget.

– Vi opplever at forenklingsinnsatsen frå Kulturdepartementet er der, men ting skjer svært sakte. No er det nødvendig med press frå Stortinget, slik at regjeringa aukar tempoet, seier generalsekretær Martin Vonstad Østerdal.