– Sit igjen med reell frykt for framtida

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sit igjen med reell frykt

Ein dag på overtid blei klimatoppmøtet i Doha avslutta laurdag. Resultatet, som blant anna er Kyoto 2, er svært skuffande meiner ungdomsorganisasjonen Spire.

– Avtalen i Doha vil ikkje redda oss frå klimaendringar. Spire sit igjen med ei reell frykt. Klimaendringane er her no og vil auka drastisk i styrke med den vegen leiarane i verda har teikna opp i Doha. Det er ein motorveg til klimakatastrofe, seier Harald Sakarias Hansen, leiar i Spire – ungdomsorganisasjonen til Utviklingsfondet.

– Dei rike landa pressa utviklingslanda til å skriva under på ein avtale som ikkje er i nærleiken av å vera god nok, seier leiar i Natur og Ungdom, Silje Lundberg i ei pressemelding.

LES SAKA: Redda Kyoto-avtalen på overtid

Rike land blokkerte
I Doha blei leiarane i verda samde om Kyoto 2-avtala som inneheld utsleppskutt frå EU og eit lite knippe andre land, inkludert Noreg. Desse står for berre for 14 prosent av verds klimagassutslepp. Det er ikkje vedteke auka kutt for desse landa.

– Eit lite ljos i mørket er at mange land, inkludert Noreg, lova at dei ikkje vil nytta seg av dei omdiskuterte overskotskvotane. Dette byggjer opp litt av tillita ovanfor utviklingsland som sårt trengst, seier Kine Gjerstad Eide i Spire.

Konvensjonssporet frå Bali vart avslutta, her har det vore store diskusjonar med mange potensielle miner undervegs, likevel kom dei seg igjennom.

Forhandlingane resultaterte i at ein blei samde om å oppmoda rike land til å stilla 100 milliardar dollar til rådvelde for klimatilpassingar i fattige land fram til 2020. Men både EU og USA blokkerte mot konkrete delmål.

– Svært uforpliktande, kallar Silje Lundberg denne delen av avtalen.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!

Ungdommen går føre
– Dei viktigaste møta i Doha skjedde mellom sivilsamfunnsaktørar, seier Kine Gjerstad Eide i Spire.

– Ungdomsdeltakinga og spesielt den frå sør blir større for kvart år, dette hjelper ikkje berre i forhandlingane, men fører blant anna til kapasitetsbygging og styrking av nettverk og organisasjonar i heimlanda til ungdomen. Spire ser viktigheita av arbeidet og kjem til å halda fram arbeidet på tvers av landegrenser i året som kjem.

I forkant av klimatoppmøtet i Doha har blant anna ungdom i den arabiske regionen mobilisert for klimahandling. Dette inspirerer.

Ein ny global avtale i 2020?
Samstundes som forhandlingane rundt vidareføringa av Kyoto-protokollen har gått føre, har ein jobba med ein ny global avtale som skal vera klar i 2015 og tre i kraft i 2020. Denne skal inkludera alle land, og er vorte forhandla på bakgrunn av mandatet gjeve på klimatoppmøtet i fjor i Durban.

I Doha vedtok ein at ein skal setja i gang eit arbeid som skal sjå på korleis ein kan tetta det store gapet mellom dagens ambisjonar, og det som trengs for å kunne hindra dei verste konsekvensane av klimaendringane. Vidare er det eit mål om at desse måla skal kunne bli vedteke i 2014.

Kva meiner du må til for å hindra at snitttemperaturen blir meir enn to grader varmare i verda?