Styrer unna EU-medlemskap

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er så uaktuelt som det kan bli, seier utanrikspolitisk talsmann i Framstegspartiet Morten Høglund til Dagsavisen.

Han meiner det vil vere misbruk av tid og ressursar å bruke krefter på noko som er i strid med det fleirtalet i folket vil.

Heller ikkje i ja-partiet Høgre vil EU-medlemskap vere aktuelt dersom dei borgarlege vinn valet.

– Eg kan ikkje sjå at det kjem til å bli aktuelt dei næraste fire åra, seier stortingsrepresentant Nikolai Astrup (H).

Kristeleg Folkeparti er eit nei-parti og deler synet som Frp og H har på medlemskap i EU i den kommande fireårsperioden.

– Eg ser det som heilt utenkjeleg at KrF vil setje i verk eit arbeid med sikte på EU-medlemskap, seier parlamentariske leiar i KrF Hans Olav Syversen.

Han meiner dette må reflekterast i ei eventuell regjeringserklæring dersom KrF skal i regjering med ja-partiet Høgre. Syversen ønskjer seg ein såkalla sjølvmordsparagraf som seier at regjeringa blir oppløyst dersom medlemskap i EU kjem på dagsorden. Både den raudgrøne regjeringa og Bondevik 2-regjeringa har hatt ein slik paragraf.

I Venstre vil ein ikkje at dei borgarlege partia skal samlast om å garantere at medlemskapsdebatten ikkje kjem opp, men nestleiar Terje Breivik seier at medlemskapsspørsmålet «verkar rimeleg uaktuelt dei neste fire åra».

SKRIVEKONKURRANSE: Min europeiske draum