Kjensla for spelet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Magnus Carlsen tok denne veka den uoffisielle verdsrekorden i sjakk. Han har no den høgste ratinga på verdsstatistikken nokosinne. Held han stillinga ut turneringa i London, får han òg den offisielle rekorden.

– Kor stort er dette, Atle Grønn, internasjonal meister i sjakk og fast sjakkspaltist i Dag og Tid?

– Vi har fått ein ny Niels Henrik Abel. Eit talent som kom frå ingenstad og enda blant dei største i verdshistoria på sitt felt. Abel i matematikk og Carlsen i sjakk. Carlsen er ein Abel med brett og brikker.

Unik
– Vi skjønar ikkje kor unikt talentet til Carlsen er. Og vi skjønar ikkje kor hardt konkurrentane pustar han i nakken. Nivået i verdstoppen er svært høgt.

– Eg hadde aldri trudd at han skulle få det forspranget på 50 ratingpoeng som han har i dag. 50 poeng er svært mykje. Han har ei leiing på 1,8 prosent. Det er som om Usain Bolt i snitt skulle slått nummer 2 med 18 hundredelar på 100-meteren. Det gjer han ikkje.

– Ei litt tvilsam samanlikning?

– Nei, her samanliknar vi konkrete tal. Ratinga er like presis som tida til Bolt.   

– Korleis har han klart dette?

– Carlsen har ei naturgåve. Det er fleire hundre sjakkspelarar som arbeider meir med sjakken enn Carlsen, men det er ingen som har same evna til å få det maksimale ut av kvart parti som han. Og det er kanskje ingen i sjakkhistoria som har ei slik intuitiv kjensle av kor brikkene skal stå. Hans sans for harmoni kan samanliknast med dei beste matematikarane eller musikarane.

Jazz
– Er han best i alt?

– Nei. Opningane hans er ikkje eineståande. Han er ikkje ein sjakkforskar som førebur seg ti timar kvar dag slik Kasparov gjorde. Kasparov og Carlsen er to motpolar. Kasparov ville ha full kontroll, førebudde seg maksimalt og rekna på alle variantar under partiet. Kasparov var ein maksimalist.

– Carlsen stolar på sitt eige talent og kjensla for spelet. Og i staden for å forska seg fram til eigne opningsvariantar freistar han å vera smart og koma unna opningsstrategiane til motstandaren. Og tilsvarande under partiet sit han ikkje og reknar på alt, men stolar på posisjonskjensla. Han improviserer. Han er jazzmusikaren der Kasparov er pianisten med ferdig partitur.

– Nett denne jazzstilen gjer han vanskeleg å spela mot. I tillegg er Carlsen meir tolmodig enn nokon annan toppspelar. Etter å ha spela i fire timar, der dei fleste ville ha teke remis, held Carlsen det gåande i to timar til. Det er dette som gjer han til verdshistorias beste i sluttfasen av spelet.

Fischer og Kasparov
– Ville Carlsen slått Bobby Fischer og Garri Kasparov då dei var på topp?

– Han ville klart slått Fischer. Fischer revolusjonerte sjakken, men han fekk for dårleg motstand. Nivået var ikkje godt nok så han fekk ikkje den same røynsla med å spela på det avanserte nivået som Carlsen er på no. Datamaskinene har lyfta nivået mange hakk.

– Likevel, prestasjonen til Fischer er større enn Carlsen sin per i dag. Fischer låg 125 ratingpoeng føre nummer to. Det er historisk og vil aldri bli slått for no er nivået mykje breiare og høgare. Om Carlsen dominerer i fem år til og vert verdsmeister, vert han større enn Fischer.

– Kva då med Kasparov?

– Umogeleg å svara på. Hadde Kasparov i 1999 møtt Carlsen i dag, ville det vore eit møte mellom verdas to beste sjakkspelarar gjennom tidene. Men for å slå Kasparovs posisjon i verds-historia må Carlsen dominera i 10–15 år til og verta verdsmeister. Det siste klarer han,
men ikkje å dominera så lenge. Kasparov klarde det fordi han hadde ein unik energi og motivasjon. Carlsen er ein annan type. Han er meir av-slappa. Jazzmusikarar øver ikkje like mykje og lenge som klassiske utøvarar.

Datagenerasjonen
– Talent og kjensle, ja, men kva har han gjort for å bli så god?

– Carlsen trener kvar dag, kanskje fire timar i snitt. Dette er lite. Men han har frå starten lært av datamaskinene kor rikt på idear sjakkspelet er. Carlsen og hans generasjon er dei fyrste som har vakse opp med datamaskiner som ein heilt naturleg del av sjakken.

– Du samanliknar Carlsen med Abel. Er han meir matematikar enn sportsutøvar?

– Nei, sjakk er sport. Sjakk er ein konkurranse der du må vera uthaldande, ha sterk psyke og konkurranseinstinkt. Men det er òg ein intellektuell kunstart.

– Du skriv kvar veke her i avisa om sjakkmiljøet og sjakkspelarar, og inntrykket er at her er det mykje galskap. Må ein vera litt gal som sjakkspelar?

– Fischer var galen, ikkje Kasparov. Men begge var drivne av ein ekstrem egoisme og til tider nesten manisk vinnarvilje. Carlsen er overraskande normal, men heldigvis har han denne sterke vinnarviljen.

LES SAKA I DAG OG TID!