Ghita Nørby får Nordens språkpris

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lærer oss dansk og svensk

Den danske skodespelaren Ghita Nørby er tildelt Nordens språkpris 2012.

I grunngjevinga seier juryen mellom anna at prisvinnaren har gjeve det danske språket ei tydeleg stemme, også for eit norsk tv- og kinopublikum.

Juryen meiner også den nordiske karrieren hennar bør vera eit ideal for yngre skodespelarar i Norden. I fleire av filmane og seirane Nørby spelar i blir det snakka norsk, svensk og dansk om kvarandre.

QUIZ: Er du ein kløppar på svensk og dansk?

Det er Foreningen Norden som deler ut prisen. Han kan gjevast til personar, institutsjonar, styresmakter, organisasjonar, bedrifter eller eldsjeler som styrkjer den nordiske språkforståinga på ein god måte.

Nordens språkpris blir i år delt ut for tredje gong. Tidlegare har artisten Timbuktu og programleiaren Fredrik Skavlan fått prisen.

Lærer dansk og svensk
– TV-seriene betyr enormt mykje for nordisk språkforståing, seier språkvitar og forfattar Helene Uri til Aftenposten.

– Seriar som svenske Beck og Wallander og danske Forbrytelsen og Broen gjer det lettare å forstå kvarandre. Sånn sett er det fint at ein skodespelar som Ghita Nørby vinn prisen, seier Uri.