Potensielt havari i Doha

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg, EU og Australia er blant landa som ynskjer å vidareføre Kyoto-protokollen. Landa har i dei innleiande rundane av klimatoppmøtet i Qatar spela inn kva for utsleppsforpliktingar dei vil ta på seg i den andre perioden av avtalen. Ambisjonane er så låge at avtalen ikkje vil kutte utslepp utan at utsleppsmåla blir auka.

Samstundes som avtalen er avgjerande for å byggje tillit mellom industriland og utviklingsland.

– Om ambisjonane ikkje blir auka i løpet av forhandlingane, vil det vere ein reel fare for å låse inne alt for låge ambisjonar i opptil åtte år, seier Silje Lundberg, leiar i Natur og Ungdom.
EU nådde sitt eige mål på 20 prosent kutt i 2011, og har ikkje varsla at målet vil aukast i neste periode av avtala som skal gå frå 2013 til 2017 eller 2020. Noreg står stille på målet sitt om 30 prosent kutt frå 1990-nivå, medan Australia vil kutte 0,5 prosent. Canada, Russland, New Zealand, USA og Japan har varsla at dei ikkje kjem til å forplikte seg til ein ny runde av kyoto-protokollen.

Les siste klimanytt her!

Vidarefører marknadsmekanismane
Marknadsmekanismar er ein stor del av kyoto-protokollen, og det store delar av EU sitt kvotesystem byggjer på. Under kyoto-regimet ligg òg den grøne utviklingsmekanismen, som tillèt industriland å betale for utsleppsreduksjonar i utviklingsland. Det er gjennom denne mekanismen Noreg skal nå sine kyoto-forpliktingar.

– Marknadsmekanismane er instrumentet designa for å kutte klimagassutslepp. Diverre fører dei ikkje til utsleppskutt når ambisjonane er for låge, og prisen for å forureine blir tilnærma ubetydeleg for industrien, seier Lundberg.

I første perioden av kyoto-protokollen vart det delt ut for mange kvotar. Difor sit no land med frikvotar på utslepp tilsvarande 13 milliardar tonn CO2. Dette tilsvarar om lag tre gonger EUs årlege utslipp. Desse ynskjer fleire land å vidareføre til andre perioden av Kyoto-protokollen, blant dei fleire EU-land.

PRØV DEG PÅ KLIMAQUIZEN VÅR!

Solhjell leiar forhandlingane på ministernivå
I det siste plenumsmøtet i tysdag kveld vart det klart at Noregs miljøvernminister Bård Vegar Solhjell og Brasils klimaminister Luiz Alberto Figueiredo skal leia meklinga om den andre perioden av Kyoto-protokollen under høgnivådelen av forhandlingane. Dei siste dagane har forhandlingane vore prega av ei aukande mistillit mellom dei rike landa og utviklingslanda.

– Me står i fare for å få eit havari her i Doha, og Solhjell kan kome til å spele ein svært viktig rolle i å forhindre at det skjer. No må ministeren ta ansvar og sørgje for at ambisjonane blir heva og hola blir tetta, avsluttar Lundberg i ei pressemelding.

– Vitskapen seier oss at dei menneskeskapte klimaendringane allereie er i gang, og det skjer raskare enn me trudde. Det hastar å gjere noko med klimagassutsleppa. Dette sa miljøvernminister Bård Vegar Solhjell i sitt innlegg i klimaforhandlingane i Doha i Qatar onsdag.

I sin tale viste Solhjell til ein ny rapport frå FN sitt miljøorgan, UNEP som blei lagt fram no nyleg. Den skildrar eit stort gap mellom det som er naudsynt for å nå 2-gradarsmålet og det som blei lova av landa i København-avtala.

– Me treng ein internasjonal dugnad, at alle land auker si innsats. Noreg ønskjer framgang spesielt innan det å ta vare på regnskogen, svart karbon, mellom anna sot frå brenselomnar, og reduserte subsidiar til fossilt drivstoff, sa Solhjell.