Fritidsaktivitetar gjer folk gladare

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette gjer folk gladare

Ingrid Leversen ved Universitetet i Bergen har forska på norske 15 – og 16-åringers deltaking i fritidsaktivitetar og meininga dei får av å drive med desse. I doktorgraden sin har ho studert kva som påverkar aktivitetsdeltaking blant ungdommane, kva for opplevingar dei får. Ho har òg sett på korleis deltakinga påverkar kor tilfreds ungdommane er med livet.

– Når nivået av deltaking aukar, aukar òg dei positive opplevingane. Gjennom fritidsaktivitetar får ein kjensla av å meistre noko, kjenne at ein får kompetanse og få tilbakemeldingar frå andre. Det er ein stad der andre bryr seg om deg og du bryr deg om dei, seier Leversen.

Forskinga er basert på data frå undersøkinga ”Helsevanar blant skoleelevar – Ein WHO-studie i fleire land”, der 3000 norske ungdommar svarte på spørjeskjema i 2005.

LES OGSÅ: Vetle kan gi deg nye venner

Meirverdi
Leversen har sett at aktivitetane har positiv innverknad på korleis ungdommane opplever sitt eige liv og livssituasjon.

– Aktivitetar som idrett, musikk og drama har effekt utover sjølve aktiviteten, seier ho.

Studentane Stine Owesen (24) og Kristine Marie Berg (25) frå Trondheim kjenner seg igjen.

– For meg har fritidsaktivitetane betydd veldig mykje, særleg etter at eg slutta på vidaregåande. På Universitetet er eg kanskje på hels med to i klassen, då er det viktig å ha eit fast miljø på fritida kor eg kjenner mange og mange kjenner meg, seier Berg.

LES OGSÅ: Vil ha idrettsminister og idrettskort

Konkurranse
Ho har delteke på ei rekkje aktivitetar, mellom anna kampsport, dans, basket og studentpolitikk. Owesen meiner òg at fritidsaktivitetane er ein arena kor det er lov å vere god.

– I idretten var det sterk konkurranse og det var heilt lov å ta konkurransen heilt ut. Det gjer ein ikkje på same på til dømes i skulen, seier ho. Sjølv har ho haldt på med volleyball, ballett, riding, piano og studentorganisasjon.

Men ikkje alle deltek på fritidsaktivitetar i like stor grad. Nokre fell utanfor.

– Ungdommar frå familiar med låg sosioøkonomisk status, og unge som vel aktivitetar som er mindre kjønnstypiske, deltar sjeldnare i aktivitetar, seier Leversen.

Ho peikar på at desse då står i fare for å oppleve slike positive erfaringar i mindre grad enn andre. Leversen meiner det difor er ei viktig å oppgåve å stimulere til auka deltaking blant desse gruppene.

LES OGSÅ: – Idretten skyv fattige frå seg

Vil ha fleire val
– Ein bør tilby ein større breidde av aktivitetar til barn og unge, slik at det vert fleire val. Det bør òg vere eit større fokus på integrering, både når det gjeld sosioøkonomiske grupper, men òg integrering av kjønn.

Leversen meiner skulen er ein viktig arena og at skulen kan introdusere ulike aktivitetar for elevane. I tillegg til skulen, trekkjer ho fram subsidiering av aktivitetar som ei viktig satsing.

– Gjennom auka subsidiering, gjennom at organisasjonar og klubbar jobbar bevisst med integrering av både ungar med ulik statusbakgrunn, kan aktivitetane gjerast meir tilgjengelege for alle, seier Leversen. 

LES OGSÅ: Tar oppgjer med lagidretten

– Kan verte mindre deprimert
Fordelen ved å drive med fritidsaktiviteter kan gjere at ein kjem betre ut på lang sikt:

– Dette har vi ikkje data på, men ein vil kunne tenkje seg at det vil vere mindre depresjon blant ungdom som har vore aktive med fritidsaktivitetar, seier Leversen.

Kva meiner du bør gjerast for at fleire skal inkluderast i fritidsaktivitetar?