Vil ha ny pc-ordning i skulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha ny pc-ordning

– Noverande pc-ordning er ressurskrevjande og kostbar. Administrasjon av pc-ordninga krev fleire årsverk i sentraladministrasjonen fordelt på opplæringsavdelinga, IT-seksjonen og fylkeskassen. I tillegg kjem ressursbruken ved skulane. Det er gjort eit omfattande arbeid for å utarbeida vilkår og retningsliner for elev-pc-ordninga. Likevel opplever både skulane og opplæringsavdelinga ei rekkje omkampar kvart år når det gjeld eigendelar for leige av pc eller eigendelar i høve til reparasjonar og pc-ar som er totalskadde eller stolne, heiter det i sakspapira til onsdagsnes møte i fylkesutvalet.

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen og opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune tykkjer ikkje noko om dagens system, og dei foreslår no ny pc-ordning i vidaregåande skule.

– Privateigd maskin inneber valfridom for elevane i høve til pc-modell eller Mac. Dette harmonerer med utviklinga i høve til auka grad av personlege einingar. Erfaringar frå Rogaland tyder på at elevane vil ta betre vare på sine eigne maskiner samanlikna med fylkeseigde. Privateigde maskiner vil truleg vera ei rimelegare ordning for fylkeskommunen, heiter det i saksutgreiinga.

Ei omlegging til ei elev-pc-ordning med privat eigarskap til elev-pc-en kan tidlegast vera på plass til skulestart skuleåret 2013/2014. Ordninga vil kunne vere fullt etablert innan utgangen av 2016.

Ei av ulempene kan vera at elevane har ulik råd, og at det kan verta eit større kjøpepress.

Les saka i Sunnhordland!

Kva meiner du om forslaget? Er det betre at fylkeskommunen sponsar pcar enn at elevane får låna på skulen?