Eit forsvar for knotarane

Ivar Aasen har som vanleg rett: Spe og spott gjer ingen godt.

Vebjørn Sture
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Engasjement mitt for nynorsken tok fyr ein gong på ungdomsskulen. Før det hadde eg knapt noka formeining i det heile om kva nynorsk var. Eg var kort sagt ein liten, umedviten bokmålsunge, til liks med dei fleste rundt meg. Det fyrste språkengasjementet, derimot, har eg hatt så lenge eg kan hugsa. Heilt frå svært ung alder kan eg minnast korleis det reiv i øyro å høyra andre siddisar knota, til dømes på fjernsyn.

Det tok altså ein del år før eg skjøna greia med nynorsken, men byrgskapen over eige talemål har vore der heile tida. Og kanskje nett difor røskar det litt i oss når me høyrer sambygdingar leggja av seg dialekten. Er det ikkje godt nok å snakka skikkeleg stavangersk, kanskje? Er det liksom finare å seia «noe» i staden for «någe», «sammen» i staden for «samen» eller «hvilken» i staden for «ka-for-ein»? Talemålet er noko av det mest personlege me har. Difor tek me det også personleg når nokon «klussar» med det – noko skihopparen Anette Sagen smerteleg fekk erfara i førre veke.

Men me må stilla oss sjølve to spørsmål. Det fyrste er: Kvifor byrjar folk å knota? Er det for å vera ekle? For å få andre til å kjenna seg mindreverdige? Det tviler eg på. For mange handlar det enkelt og greitt om påverknad frå andre. Somme kan flytta til ein annan landsdel og bu der i årevis utan at du merkar spor av dialektblanding, medan andre forandrar talemålet heilt umedvite berre på nokre få månader. Visst kan det henda det hjelper å ha bestemt seg på førehand for å tvihalda på dialekten sin, men det er altså ikkje slik at alle som knotar kan noko for det. Det må me berre tola.

Det andre spørsmålet er: Kva hjelper det å kjefta? Er det nokon som sluttar å vera språkleg påverka av andre, dersom dei berre får nok sure tilbakemeldingar? Eg har mine tvil her også – men ikkje fordi kjeft aldri er på sin plass. Når til dømes styresmakter, forlag, skuleeigarar og skuleleiarar speler svarteper for å unngå ansvaret for å skaffa lærebøker på nynorsk, skal eg lova dykk at eg ikkje er mild i målet. Men me må skilja mellom det å bryta lovfesta språklege rettar, og det å bryta mine (og kanskje dine?) dialektmoralistiske forventningar. Du kan bruka kjeft til å få folk til å gjera det dei skal, men kjeft fungerer ikkje om du vil at folk skal gjera slik du vil.

Poenget med dette er ikkje at eg tykkjer knoting er vedunderleg og fantastisk, og at alle burde vatna ut dialekten sin i hytt og pine. Tvert om – eg oppmodar alle til å vera medvitne om korleis dei brukar talemålet sitt, nettopp for å ta vare på det rike dialektmangfaldet me har her i landet. Eg jublar for kvar einaste som klarer å røkta dialekten sin, fordi det er med på å gjera Noreg til eit endå litt meir mangfaldig og egalitært land.

Det leier oss til eit siste spørsmål: Kva er den beste måten å dyrka dette dialektmangfaldet på? Ved å skumma fråde og skjera tenner over dei som ikkje klarer å halda dialekten i opphavleg fasong? Eller ved å gjera stas på dei som klarer det? Eg har mest trua på det siste.