Difor er dei Årets nynorskkommune

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årets nynorsk- kommune

– Nynorsk er del av den nasjonale kulturarven vår. Språk er eit identitetsskapande verkemiddel og nynorsken er under press. Difor er det viktig å arbeide vidare for å styrkje og oppretthalde nynorskbruken. For at vi kan lukkast med det, er det viktig at det offentlege brukar nynorsk aktivt i tenestene sine. Eg skal ikkje leggje skjul på at eg set ekstra pris på at juryen har kåra heimfylket mitt til Årets nynorskkommune 2012, sa Liv Signe Navarsete i samband med at ho første gong delte ut prisen til ein fylkeskommune.

Juryen meiner at Sogn og Fjordane fylkeskommune klart skil seg ut blant årets gode søkjarar.

– Sogn og Fjordane er eit nynorskfylke med høge ambisjonar for det nynorske språket. Det er viktig å oppmuntre og påskjøne det gode arbeidet med nynorsk som skjer regionalt, men som har eit langt breiare nedslagsfelt, seier Navarsete. 

LES OGSÅ: Naturen til den nynorske kulturen

Satsing
Ifølgje juryen har Sogn og Fjordane fylkeskommune ei strategisk tilnærming til nynorsk. Dei har eit overordna mål med det nynorske språket. Juryen trekkjer fram mellom anna rapporten «Språkfakta Sogn og Fjordane 1646–2012» som fylkeskommunen fekk utarbeidd i år. Rapporten skal gje eit grunnlag for språkpolitisk satsing. Dette har allereie ført til at det er etablert eit Nynorsk forum. Forumet skal skape debatt kring nynorsk både i Sogn og Fjordane og ut over fylkesgrensa.

Årets nynorskkommune 2012 får 100.000 kroner og eit bilete.  Tidlegare vinnarkommunar er Stord (2009), Seljord (2010) og Fjell (2011).

Juryen ynskjer i tillegg å gi ros til Vinje kommune og Eid kommune, som òg har levert gode søknadar. Eid imponerer med den breie oppslutninga om nynorsk frå kulturliv og næringsliv, og juryen har i fleire år merka seg det gode arbeidet Vinje kommune gjer for å forankre nynorsk i kommunale planar og i administrasjonen.

– Eg er svært glad for denne prisen. Eg tykkjer faktisk vi fortener han. Vi er opptekne av å fremje nynorsken, og vi har vedteke ei språkpolitisk satsing for å styrkje posisjonen til nynorsken, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Stor verdsetjing av arbeidet
Fylkesordføraren er stolt av prisen, og meiner han er til inspirasjon i det vidare arbeidet.

– Dette betyr at arbeidet vårt vert verdsett. Det er ein pris eg er kry over at fylket vårt har fått. Prisen er ei stor inspirasjonskjelde for alle som er opptekne av det flotte nynorske språket, og som vil det skal ha ei levande og rik framtid, seier ho.

– Vi har ei spesiell rolle som nynorskområde, og det forpliktar. Vi ser klåre tendensar til ei utvikling som må møtast med tiltak om vi vil at nynorsken skal ha ei like sterk rolle her i framtida. Fylkesrådmannen vil blant anna lage ein eigen språkbruksplan for fylkeskommunen for at vi skal vere bevisste på rolla vår, fortel ho.