Frontar Språkåret med eigen portal

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om éin knapp månad opnar Språkåret 2013, men allereie no kan språkinteresserte bu seg på dei komande arrangementa neste år, leggje inn eigne arrangement eller få inspirasjon til slike. 2. desember vart portalen til Språkåret.no opna.

– Vi tel ned med å presentere fleste mogleg bra prosjekt. Vi presenterer eit prosjekt kvar dag, og legg ut i kalenderen, så folk skal sjå kva som skjer. Kalenderen er ikkje endeleg, vi tenkjer at folk skal kunne melde inn arrangement etter kvart, fortel Inger Johanne Sæterbakk, prosjektleiar for Språkåret 2013.

Arrangement over heile landet
Dei ønskjer at folk over heile landet rapporterer inn lokale språkarrangement, slik at portalen kan vere ein stad å gå for å finne ut kva som skjer på språkfronten. Men om ein førebels ikkje er komne lenger enn at ein har ein god idé eller berre lyst til å ha eit arrangement, skal også portalen vere ein stad å vende seg.

– Ein skal kunne få tips om forfattarar, litterære arrangement, utøvarar og fagfolk ein kan kontakte dersom ein har lyst til å gjere noko sjølve. Målet er å generere mest mogleg aktivitet og engasjement, seier Sæterbakk, og fortel at Språkåret sine tilsette kan hjelpe til med nettopp dette.

Har kome inn meldingar
Sæterbakk fortel at det gjennom heile hausten har tikka inn fleire meldingar om komande språkarrangement i 2013.

– Fleire og fleire tek kontakt om arrangement når dei oppdagar Språkåret, seier ho.

– Vi ønskjer at flest mogleg fortel kva dei held på med, og det kan dei gjere via nettsida vår.

I tillegg til å gi oversikt over språkarrangement og gi hjelp og inspirasjon til å kome i gang med eigne arrangement, skal portalen skal også kunne vere ein stad for diskusjonar om språk.

Med opninga av portalen får Språkåret også vist fram sin nye logo: Ei turkisblå snakkeboble. Logoen er laga av firmaet Tank design i Tromsø.

– Logoen er ei snakkeboble, som vi håpar å få fylt med ytringar gjennom året. Ho er tenkt å skulle symbolisere både munnleg og skriftleg språk, fortel Sæterbakk.

Samtidig som Språkåret oppretta portalen, opna dei òg ein eigen Twitterkonto.

Opning i Kristiansand
Sjølv om kalenderen stadig er open for nye arrangement, er opningsdagen for Språkåret spikra. Han fell på 2. januar, og til Kilden teater- og kulturhus i Kristiansand. Den dagen blir både Språkåret 2013 og hundreårsjubileet til Det Norske Teatret sett i gang, 100 år etter at den første førestellinga til teatret vart spelt i Kristiansand.

– Programmet går gjennom historia til Det Norske Teatret og presenterer ulike delar av det norske språkmangfaldet. Det er eit tettpakka program på 75 minutt som byrjar å kome på plass. Det er eit positivt samarbeid mellom oss og teatret, fortel Sæterbakk.

– Gler du deg til å kome i gang?

– Ja, det er litt blanda kjensler, det er litt skummelt å skulle vise fram til folk kva ein har jobba med. Men det blir bra å kome i gang, og kjekt å få med fleire, seier Inger Johanne Sæterbakk. (©NPK)