elles tykkjer eg Kartago bør øydeleggjast

Tor Valdvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

...Kartago bør øydeleggjast

Dei raudgrøne har i vel sju år prata mykje om korleis Høgre vil sveltefôre kommunane og litt om kor lekker kommunalpolitikk dei sjølv fører – noko dei også dels har fått med seg både pressa og opinionen på. Er det slik det fungerer – at dersom ein seier det same nok gongar, så vert det ei form for verkelegheit? Den gamle romerske senatoren ”Cato den eldre” avslutta alle sine talar med ”(..)elles tykkjer eg Kartago bør øydeleggjast”. Cato fekk rett til slutt. Trur regjeringspartia no at dei skal klare det same? At dersom dei seier noko mange nok gonger vert det ei sanning?

Eg har tidlegare skrive om korleis dei raud-grøne synest å vera langt meir opptekne av opposisjonen sin politikk enn av sin eigen. Dette er ikkje noko ukjend politisk fenomen. Litt ekstra oppsiktsvekkjande er det likevel når ein regjeringskoalisjon med reint fleirtal angrip ein opposisjon i mindretal. Trur dei ikkje på det dei driv med? Trur dei ikkje dei kan levere ein politikk som veljarane vil ha i fire nye år? Eg veit ikkje, men retorikken er: ”Vi er kanskje ikkje så bra, men dei er enno verre.”

Dei raud-grøne kan knapt prate om kommunalpolitikk utan at Høgre er nemnt og edder og galle flyt over som gjærande trøndersodd på eit litt for lite spann. Flosklane er endelause om korleis Høgre skal sveltefôre kommunane og kvele lokalsamfunna med mindre økonomisk handlingsrom. Dette er sjølvsagt feil. Gjennomsnittleg netto driftsresultat under Bondevik II-regjeringa var nesten identisk som under Stoltenberg II. I tillegg har gjelda til kommunane auka med nærare 122 milliardar kronar og dermed omtrent dobla i gjeld per innbyggjar – og dette med eit budsjett som er.

For alle oss konservative er det viktig at eit samfunn er bygga nedanfrå og opp – ikkje omvendt. Vi vil ha lokal styring framfor statleg dirigering. Difor har Høgre i mange år kjempa for at kommunane skal få større del av sine eigne skatteinntekter, som eit incitament for kommunar til å arbeide aktivt for å skape vekst i sitt lokalsamfunn. Høgre har også kjempa for å flytte meir makt ned frå stat, fylkesmann og fylkeskommune og ned til dei lokale folkevalde – dei som treff veljarane sine i butikken, på korøving eller på fotballtrening.

Den raud-grøne regjeringa har rasert det lokale sjølvstyre og dermed også lokaldemokratiet. 94% av alle norske kommuneplanar treff motsegn frå Fylkesmannen. Det er ein ærleg sak å meine at staten skal ta avgjersler i et lokalsamfunn framfor dei som bur der. Men da er det rimeleg freidig å koma til Høgres hus å prate om handlingsrom. Det hjelp lite å gjeva kommunane pengar, når de kneblar dei totalt for politisk handlingsrom.

Den sosialistiske regjeringa har brukt timar, dagar, veker og år på å svartmale Høgres kommunalpolitikk. Når Cato den eldre i det uendelege avslutta sine innlegg i det romerske senatet med at Kartago burde opphøyre – fekk han det som han ville til slutt. Dei raud-grøne dirigentane skal få ein tung jobb med å fortelja veljarane om Høgres kommunalpolitikk. Han kan vi best sjølv – og no er det på tide å ta til motmæle.