Når gjorde verdigheit sist noko for deg?

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø om plakatstuntet

Christian Tybring-Gjedde (for at dette skal så enkelt som mulig for oss alle, skal eg i resten av denne teksten berre omtale han som «Han med namnet») har fått litt kjeft og ganske mykje merksemd for noko han gjorde i Stortinget for nokre dagar sidan.

I finansdebatten viste han fram gule plakatar med halvgod handskrift og bodskapar som «Store skattelettelser med FRP». I tillegg hadde han på seg eit Ole Brumm-slips som han viste fram for å understreke at han seier ja takk til begge deler. Dette førte til at innlegget til Han med namnet, i motsetning til dei fleste innlegg i finansdebatten, låg lett tilgjengelig for alle på fleire av Norges større nettstader i fleire dagar etter innlegget. Eg vil tru dei fleste som har sett innlegget har latt seg imponere av det same som meg: At Han med namnet klarte å gjere noko såpass rampete utan antydning til glimt i auget.

Men det er ikkje poenget.

Poenget er at han fekk kjeft frå presidentskapet for plakatane. Ein av dei som gav kjeft, var visepresident Akhtar Chaudhry. Og så viste det seg at Akhtar Chaudhry sjølv har fått kjeft fordi han han laga ein reklamefilm for seg sjølv inne i stortingssalen. Og det skal ein ikkje gjere. For sikkerheits skuld er Chaudry ikkje enig i at han har fått kjeft.

Men det er heller ikkje poenget.

Poenget er at det tydeligvis er mykje du ikkje skal gjere i stortingssalen. Filme deg sjølv, for eksempel. Eller vise fram gule plakatar.

Motstand mot slik oppførsel i stortingssalen blir ofte grunngitt med at det bør vere ei viss verdigheit i nasjonalforsamlinga.

Og det høyrest jo rett og fint ut, det. Men stemmer det?

Bør det vere ei viss verdigheit i stortingssalen?

Er verdigheit noko å trakte etter?

Er det verdigheit vi manglar i norsk politikk?

Når gjorde verdigheit sist noko for deg?

Verdigheit er noko ein elles stort sett berre snakkar om i tv-program som «Farmen». Der er det til gjengjeld veldig mykje snakk om å vere ein verdig vinnar. Men eg har mistankar om at ein legg noko anna i ordet på «Farmen» enn ein gjer på Stortinget.

 

Eg har googla «definisjon verdighet». Det viser seg at dei fleste ordbøker definerer verdigheit slik: «Det å vere verdig». Og det er jo ikkje til mykje hjelp. Men eg har også googla «definisjon verdig», og det viser seg at «verdig» kan tyde både «som er god nok» og «rolig og sømmelig; høgtidelig». Det er trulig denne siste tydinga ein snakkar om i stortingssamanheng. Vi får nesten rekne med at dei som har blitt valt til å sitte på Stortinget er gode nok. Alt anna er mistillit til demokratiet, og det skulle tatt seg ut. Når ein seier at det bør vere ei viss verdigheit på Stortinget, så seier ein altså at representantane bør vere rolige, sømmelige og høgtidelige.

Bør dei det? Er det dette vi saknar?

Viss du går ut på gata og spør tilfeldige folk kva dei ønsker seg av politikarane sine, kor mange trur du svarer «ro, sømmeligheit og høgtid»?

Når tenkte du sist om nokon du er glad i at «det eg først og fremst liker med henne, er at ho er så sømmelig»?

Når var du sist i ein femtiårsdag der alle lo og tørka tårer då bestevennen i talen sin fortalde historier frå den sømmelige og høgtidelige ungdomstida til jubilanten?

Når brukte du sist ordet sømmelig i positivt forstand?

I det heile tatt: Når brukte du sist ordet sømmelig?

 

Eg har sjølv vore innom Stortingssalen. Som så mykje anna, så ser også stortingssalen mykje mindre ut i verkeligheita enn på tv. Men han prøver så godt han kan, stortingssalen, og fjongar seg med gullmåling og dette store måleriet av ein gjeng menn i rare antrekk som kjeder seg på Eidsvoll i 1814.

Men det denne salen treng, er vel ikkje meir verdigheit? Meir høgtid og ro?

Berre kjenn etter den neste gongen du følgjer ein debatt frå denne salen. Tenker du: «Det denne debatten først og fremst treng, er meir ro»?

 

Først publisert i Aftenposten 1. desember.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!