Stadig fleire innfører eigedomsskatt
Fleire og fleire kommunar kjenner seg tvinga til å innføra eigedomsskatt for å få nok pengar til skule og omsorgstenester.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Eigedomsskatt meir populært
Denne hausten vil endå fleire kommunestyre vedta eigedomsskatt på hus og hytter. I 2007 var det 120 kommunar som hadde innført eigedomsskatt på hus og hytter. I 2011 hadde 74 nye kommunar fått eigedomsskatt på hus og hytter, medan sju kommunar hadde kvitta seg med denne skatten. Og denne hausten er det ei rad kommunar som har planar om å vedta eigedomsskatt.
– Tvingande naudsynt
Torsdag vedtok dei Høgre-styrte kommunane Stord og Ørsta å innføra eigedomsskatt. I Ørsta vedtok kommunestyret å innføra eigedomsskatt på verk og bruk i 2013, og på hus og hytter i 2014. I Stord vedtok kommunestyret å innføra eigedomsskatt på hus og hytter.
– I Høgre såg me eigedomsskatt som tvingande naudsynt for å halda oppe kvaliteten på tenestene kommune skal gje, seier Ørsta-ordførar Rune Hovda (H) til Mørenytt.no.
Både Stord og Ørsta er i dag på Robek-lista. Dette medfører at staten fører kontroll og må godkjenna låneopptak i kommunane.
Tidlegare i haust vedtok Frp-styrte Hvaler kommune å innføra eigedomsskatt på hus og alle dei 4300 hyttene i øyriket. Hamarøy, Namdalseid og Åmli har òg vedtatt eigedomsskatt.
LES OGSÅ: Fleirtal vil ha høgare skattar
Meir enn nokon gong
Sidan 2007 har mange kommunar i Noreg auka inntektene sine frå eigedomsskatten. I 2004 kravde kommunane inn totalt vel 3,5 milliardar kroner i eigedomsskatt. I 2011 var talet nær 7,6 milliardar kroner, ifølgje Statistisk sentralbyrå. 3,1 milliardar kom frå eigedomsskatt på hus og hytter.
Av kommunane som allereie har innført eigedomsskatt er det fleire som har varsla at dei vil auka eigedomsskatten. Rådmannen i Bardu føreslår dette denne hausten, ifølgje Troms Folkeblad. I både denne kommunen og i Skien blir det føreslått å utvida eigedomsskatten til å også omfatta utkantstroka i kommunane.
Til og med i den rike kraftkommunen Bykle har rådmannen denne hausten tilrådd politikarane å utgreia eigedomsskatt, ifølgje Kommunal Rapport.
LES OGSÅ: Her har skattane auka
Størst auke i Ap-kommunar
Mellom 2008 og 2011 auka eigedomsskatten i kommunar med Ap-ordførar med 32 prosent. Det er litt meir enn auken i Venstre-kommunar på 31 prosent.
Høgre-kommunar auka skatten med 28 prosent og KrF-styrte kommuner auka med 27 prosent, ifølge ei oversikt utarbeida av Kommunal-Rapport tidlegare i år.
Kommunar med Frp-ordførar hadde i 2011 lågare inntekter frå eigedomsskatt enn i 2008. Nedgangen var på 17 prosent.
LES OGSÅ: – Massiv overføring av pengar frå fattig til rik
I snitt betalte ein eigar av ein einebustad på 120 kvadratmeter nær eit kommunesenter om lag 2.700 kroner i eigendomsskatt i 2011, mot rundt 2.600 kroner året før. Høgaste rapporterte skattebeløp på ein slik eiendom i 2011 var 6.510 kroner, og det lågaste var 200 kroner, ifølge SSB.