Folkekrav om forbod mot atomvåpen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dropp bomba

For eitt år sidan bestemte ei samla Røde Korsrørsla å kjempa for eit totalforbod av atomvåpen. Torsdag blei nesten 20.000 underskrifter overrekt Stortinget.

Røde Kors Ungdom og Røde Kors har i haust mobilisert støttespelarar, politikarar og andre engasjerte i ein underskriftskampanje mot atomvåpen.

– Med overleveringa av underskriftene ber me politikarane våre bruke innverknaden sin nasjonalt og internasjonalt for å få eit totalforbod, seier Charlott Nordström, leiar i Røde Kors Ungdom i ei pressemelding.

– Kanskje det viktigaste spørsmålet
Kampanjen har samla brei politisk støtte, blant ordførarar og dei politiske ungdomspartia, og i dag var mange sentrale politikarar til stades på overrekkinga utanfor Stortinget.

– Kampen mot atomvåpen er kanskje det viktigaste spørsmålet i internasjonal politikk i dag. Noreg har lenge arbeidd for nedrustning og no er det viktig å gå framover og sjå om det er mogleg å få til ein konvensjon, altså eit internasjonalt forbod mot atomvåpen, seier Marit Nybakk 3. visepresident i Stortinget. Ho får støtte frå Peter Gitmark (H).

– Den enkle sanninga er at verda er betre utan atomvåpen, seier Gitmark.

Òg Audun Lysbakken (SV), Torbjørn Røe Isaksen (H) og Morten Høglund (Frp) var tilstades under overrekkinga.

– Dette kan ikkje løysast av Stortinget åleine, men me må arbeide saman med Røde Kors for å oppnå ei løysing. Me har klart å forby kjemiske våpen. Dette viser at det er mogleg å flytte fjell. Me må strekkja oss etter det umoglege viss ikkje hadde me ikkje hatt noko her å gjera, seier Høglund.

– Røde Kors si viktigaste rolla er å hindra og lindra menneskeleg liding. Dersom ei atombombe skulle eksplodera finst det svært lite høve for å hjelpa dei som blir ramma. Vårt einaste håp er dermed å forby atomvåpen slik at denne situasjonen aldri oppstår, presiserer Charlott Nordström.

LES OGSÅ: Engasjementet gjev han styrke

 

Vegskilje
For eitt år sidan forplikta Røde Kors og Røde Halvmåne-foreiningar seg i så ulike land som Kina, Australia, Iran, Sør-Afrika og USA til å retta merksemda mot eit forbod av atomvåpen.

– I alle dei 188 landa der våre nasjonalforeiningar finst vil Røde Kors og Røde Halvmåne retta søkelys mot denne humanitære trusselen, overfor styresmaktene sine og folkesetnaden sin, fortel Sven Mollekleiv, president i Norges Røde Kors.

– Verda står overfor eit vegskilje. Sidan 1945 har talet på statar med atomvåpen blitt gradvis fleire. Det er difor aukande risiko for at våpenet igjen kan bli teke i bruk. Me kan velja å fortsetja denne vegen eller me kan velja ein ny veg der vi saman seier nei til atomvåpen, seier Mollekleiv.

Miner vart forbode i 1997 og klasevåpen i 2008 på grunn av dei umenneskelege og langvarige lidingane slike våpen skaper, og dessutan brota på Genèvekonvensjonane. No er det atomvåpenet som står for tur.

– Det norske Stortinget har tatt denne typen vegval før gjennom å visa haldninga si til landminer og klasebomber. I dette spørsmålet gjeld det di, mi og borna våre si framtid, avsluttar Charlott Nordström i Røde Kors Ungdom.

Bør ein forby atombomber i alle land?

Faktaboks

• Eit atomvåpen, eller eit kjernefysisk våpen, er eit våpen med enorme øydeleggjande krefter som brukar energien frå ein kjernefysisk reaksjon som sprengkraft.
• Eitt enkelt atomvåpen kan øydeleggje ein heil by, noko som vart vist under andre verdskrigen da USA bomba dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki i august 1945. Dette er dei éinaste gongene atomvåpen har vorte nytta i krigshandlingar.
• Prøvesprengingar er utført fleire hundretals gonger av ulike land.
• Sprengkrafta blir målt i talet kg eller tonn TNT som A-bomba tilsvarer. Den første atombomba vart prøvesprengt i New Mexico, USA, 16. juli 1945.
• Dei kjende atommaktene er USA, Russland, Storbritannia, Frankrike, Kina, India, Pakistan og Nord-Korea. I tillegg er det fleire land som ein veit, eller trur, har atomvåpen, sjølv om dei ikkje vedkjenner seg det.
• Ein går ut frå at Israel har atomvåpen, sjølv om dei offisielt nektar for det.
• Ukraina har kanskje gamle sovjetiske atomvåpen lagra.
• Iran legg til rette for å utvikle sine eigne atomvåpen.

Les meir på Wikipedia!