Gir opp kampen for EU-ja

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Motstanden mot norsk medlemskap i EU er så sterk og bastant at Europabevegelsen meiner debatten er lagt heilt død.

No skriv Klassekampen at rørsla ikkje lenger vil prioritere kampen for norsk medlemskap og til og med opnar for at EU-motstandarar kan bli medlemmer.

– Vi erkjenner at debatten om norsk medlemskap er død akkurat no, og at vi opererer i ein politisk situasjon som gjer det nødvendig å tenkje nytt, seier generalsekretær Kirsti Methi.

Og med å tenkje nytt meiner ho at dei kan jobbe med andre spørsmål knytt til norsk europasamarbeid.

– Vi går frå å vere ein kamporganisasjon som har kjempa for norsk EU-medlemskap til å dyrke identiteten vår som europarørsle som jobbar breiare med europeisk samarbeid, inkludert Noregs forhold til EU, seier ho.

QUIZ: Kva veit du om EU?

Mehti understrekar at Europabevegelsen framleis meiner at medlemskap er den beste løysinga.

– Men sidan det ikkje er mogleg å diskutere dette i dag, er det viktigare å jobbe for kunnskap og samarbeid på andre frontar. Vi opnar for at alle med interesse for Europa, også EU-skeptikarar, kan bli medlem, seier Methi. (©NPK)

Kva meiner du om norsk medlemskap i EU? Er debatten lagt død for all framtid?