Store forskjellar på utdanna sjukepleiarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Store forskjellar på utdanningane

Noreg utdannar i dag sjukepleiarar ved 28 høgskular. Etter tre års studiar får ein ei bachelorgrad i sjukepleie. Ein rapport frå Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) viser at det er store forskjellar i kvaliteten på sjukepleiarutdanninga, skriv Vårt Land.

– Eg kan stadfeste at enkelte søkjarar ikkje blir vurderte på grunn av utdanningsstad, seier avdelingsleiar ved sjukepleietenesta på Glitreklinikken i Nittedal, Mette R. Dønåsen, til Vårt Land. Ho seier det dreier seg om skular i Helse sør-aust-regionen.

Rapporten frå Nifu avdekkjer store forskjellar mellom lærestadene. Blant funna er at to lærestader tok inn alle som søkte, mens andre hadde opptaksgrenser som varierte frå 28 til 51 karakterpoeng og at delen studentar som stryk, varierte frå 2,3 prosent til 14,5 prosent.

Sykepleierforbundet er klar over problemet.

LES OGSÅ: – Mange sjukepleiarstudentar er utrygge

– Det er for store forskjellar mellom utdanningsstadene, seier leiar i Norsk Sykepleierforbund (NSF), Eli Gunhild By.

Nestleiar i NSF Student, Eirik Aldrin, meiner problema kjem av at politikarane har auka talet på studieplassar utan å gjere det same med talet på lærarar.

– Enkelte skular tek inn altfor mange studentar, og nokon tek inn ekstrastudentar for å nå målkravet. Når ein då ikkje aukar talet på lærarar, går studiekvaliteten ned, meiner Aldrin. (©NPK)