Eirik Rise (26) bloggar om intoleranse og hatefulle ytringar.

mm
Faktaboks

Straffelovens paragraf 135a, òg kalla diskrimineringslova, straffar personar som med vilje eller som «burde ha visst betre» offentleg set fram ei diskriminerande eller hatefull ytring mot nokre på grunnlag av deira hudfarge eller nasjonale eller etniske opphav, religion eller livssyn, eller homofile legning, leveform eller orientering med bøter og fengsel opp til tre år.

I den nye heilskaplege straffelova som stadig er under utarbeiding vil òg funksjonshemma inkluderast som utsett gruppe. 


LES FAKTALUKK FAKTA

På tysdag opnar ein stor europeisk konferanse om intoleranse og hatefulle ytringar i Budapest. I forkant av konferansen deltek Eirik Rise saman med 50 andre bloggarar på ein workshop om korleis ein kan rapportera om og ta til motmæle mot hatefulle ytringar.

Kva trur du skal til for at færre skal oppleva hatefulle ytringar?

– Eg trur me må jobba saman, både styresmakter, frivillige organisasjonar og menneske i gata. Styresmaktene har ansvar for å skapa eit trygt og sikkert rom der medlemmane av samfunnet kan ytra seg fritt, samstundes som dette ikkje går ut over minoritetar og utsette grupper, seier Eirik Rise. Difor meiner han òg det er viktig at det finst lover slike som paragraf 135a i Straffelova som seier at det er ulovleg å ytra seg hatefullt.

– Styresmaktene har òg ansvar for at born og ungdom gjennom skulegangen lærer korleis ein skal bruke internett på ein sikker og god måte og at dei same reglane for korleis ein bør oppføra seg mot kvarandre gjeld andlet til andlet som i eit kommentarfelt på ein blogg.

LES OGSÅ: Verst på å oppsøkja skadelege nettsider

Frivillige – ein ressurs
Rise peikar på at frivillige organisasjonar sit på kunnskap om diskriminering og erfaringar med korleis desse skal bekjempast. Han meiner det er viktig at desse må bli høyrt i samfunnsdebatten og få den støtta dei treng for å kunne fortsetja det viktige arbeidet dei gjer.

– På mange område er det avgrensa kva styresmakta kan gjera, og på nokre område så er det styresmaktene som tek feil og må gjere ting annleis. Difor er det viktig at me har frivillige organisasjonar som tør å påpeika feil og manglar ved samfunnet og som blir høyrt når dei har rett. 


Sjølv er Eirik Rise aktiv i Skeiv Ungdom.

– For å bekjempa hatefulle ytringar så må me svara når me ser at menneskeverd blir krenkt, òg dei ytringane som ikkje berre rammar oss sjølv. Anten det er retta mot ein som er homo, innvandrar, funksjonshemma, kristen, transperson, same, rumenar så er det viktig at me står saman som menneske og seier ifrå kva slags samfunn me ynskjer å leva i.

Følg bloggen hans!

– Avisene bør ta meir ansvar
Ein stad mange ytrar seg er i kommentarfelta på nettavisene. Bør nettaviser ta meir ansvar for kva som står i kommentarfelta på nettsidene sine?

– Definitivt. Alle nettaviser bør ha eit felt der ein kan rapportera kommentarar som blir opplevd som krenkjande. Dei som opplever kommentarar som krenkjande bør bruka desse og avisene bør ta omsyn til dei som rapporterer dette. Avisene har eit ansvar for at kommentarfelt ikkje blir brukt for å spreia hat. Det er mogleg å bruke ytringsfridomen på ein måte som ikkje krenkjar andre sitt menneskeverd og samstundes ytra meiningane sine på ein ansvarleg måte. Viss meininga berre siktar mot å krenkja menneskeverdet til andre, så har han kanskje ikkje noko å gjera "på trykk".

– Når aviser trykkjer til dømes saker med brenning av koranar som blir gjennomført av små ekstreme grupperingar, er dei med på å formidla hatefulle bodskapar som ikkje nødvendigvis styrkjar det frie ordet eller den offentlege debatten. Spesielt utsette grupper bør takast omsyn til. Det er vanskelege grenser og viktige omsyn og rettar som må vegast opp mot kvarandre. Likevel, rasisme og diskriminering er ikkje ein menneskerett.

LES OGSÅ: Det ulogiske rasehatet

Må handheva lova
I 2005 blei Straffelova endra for å samsvara betre med Noregs europeiske og internasjonale forpliktingar. Då hadde lova vore kritisert for å ikkje gi individa eit tilstrekkeleg vern mot rasistiske ytringar. Strafferamma blei heva, skuldkravet senka, rekkjevidda større, med det målet å skape eit meir effektivt og omfattande vern mot grove, diskriminerande ytringar. Dei lovmessige rammene har vorte betre og meir omfattande mot hatefulle ytringar, meiner Eirik Rise.

– Utfordringa i dag er å handheva loven i praksis og finna ut kor grensa for kva for ytringar me kan akseptera i samfunnet. Den nasjonale innebyggarundersøkinga til politiet frå 2010 viste at berre ein tredjedel av tilfella av hatkriminalitet blei meldt. Han viste høg terskel for å involvera politiet og lita tillit til at saka vil bli etterforska og løyst.

– Det må bli lettare å melda hat og diskrimineringssaker og få dei handsama i rettssystemet. Statsadvokaten og politiet må bli flinkare til å føre statistikk over klagar og politimeldingar slik at vi kan få betre oversyn over problemet og innføre betre tiltak for å bekjempa det.

LES OGSÅ: Nettaktivistar mot rasisme

– Ungdom må vakna
Kva trur du skal til for å mobilisera fleire til å ta til motmæle mot hatefulle ytringar?

– Ungdom må vakna og ta tak i problemstillinga. Internettbrukarane blir berre yngre og yngre og veks opp så å seia med internett i morsmjølka, samstundes møter stadig fleire negative haldningar og hatsider på nett i ein stadig yngre alder.

– Den beste måten å bekjempa hatefulle ytringar er ved hjelp av kunnskap. Gje ungdom verktøy til å kjenna igjen og takla hatefulle ytringar på nett. Heller enn einsidig bekjempa negative haldningar må ein stor del av fokuset liggje på å skapa positive haldningar.

– Hatefulle ytringar er berre eit symptom på eit problem i samfunnet. Samstundes finst det hatefulle ytringar og dei lèt seg ikkje tie i hel, dei må møtast av unge med kunnskap og som ikkje er redd for å bruke han.

– Ein skal ikkje setja seg sjølv i fare, men det er fullt mogleg å gjera ein forskjell. Og det startar med å bry seg.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

Kommentarar

ANNONSE