Gledesspreiing gav fri
Elevar på Nordbygdo skule på Stord fekk gå tidlegare heim etter skulekonsert. Med forbehald.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Alle skal få mulegheit til å gleda nokon i dag, seier Kristin Skumsnes (15) på Nordbygdo ungdomsskule.
Saman med Svein Sandvoll (15) og fleire andre engasjerte elevar på Nordbygdo, var dei fredag med på å arrangera haldningsskapande konsert under «MOT til å glede dagen».
Hjelper dei yngre
Dei to elevane er aktive i ungdomsgruppa «Ungdom med mot» på skulen. Fredag inviterte gruppa medelevar og elevar frå barne- og vidaregåande-skular til fleire konsertar og peparkakespising på Nordbygdo.
– Svein har vore veldig gira under arrangeringa av konsertane, han har mellom anna teikna scene-utforminga til konsertane, skryt medelev Sunniva Grov Framnes (14).
– Det er gøy med konsert. Eg har snakka med mangen på sjuandetrinnet som har gleda seg, seier primus motor Sandvoll.
Spesielt
– Eg trur me er den einaste skulen i Norge som arrangerer konsert i forbindelse med denne dagen, seier MOT-informatør Erling Abrahamsen på Nordbygdo.
– Heile dagen er arrangert av ei gruppe beståande av tolv elevar på niande og tiande trinnet. Dei har også fått med seg medelevar til å hjelpa til med konsertane, seier Abrahamsen og opplyser at elevar på skulen etter konsertane fekk gå tidlegare heim. Men berre om dei lova å gleda nokon.
– Dei som ikkje er med i sjølve arrangeringa får gå heim klokka tolv i dag mot at dei gleder nokon rundt seg etterpå, smiler han.
Haldningsskapande
MOT-organisasjonen vart stifta av Johann Olav Koss og Atle Vårvik på 90-talet og har som mål å skapa gode lokale ungdomsmiljø. «Ungdom med mot» er ungdommar mellom mellom 14 og 25 år som mellom anna skal motivera barneskuleelevar i overgongsfasen frå barneskule til ungdomsskule.
«MOT til å glede»- dagen foregår nasjonalt med 62 000 ungdommar over heile Norge som deltek og som har som mål å gjera folk rundt seg glade. Og kva kan ein kan gjera for å gleda nokon?
– Ein kan bake ei kake, besøke besteforeldra sine, ta ein telefonsamtale eller dele ut peparkaker, seier MOT-ungdommane på Nordbygdo.
Fem glade MOT-elevar på Nordbygdo. Fv. Kristin Skumsnes, Svein Sandvoll, Sunniva Grov Framnes, Marie Eskeland Børtveit og Ingvild Skumsnes. FOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN
Karoline W. Engeland og Yngvild B. Furunes frå tiandetrinnet framførte ei låt av Coldplay. FOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN