Framleis stor læreplassmangel

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein av tre manglar læreplass

Til no i år har 23 519 yrkesfagselevar søkt om læreplass på landsbasis. Men berre omlag 15 000 av primær­søkjarane har fått godkjent lærekontrakt.

Som i fjor står nesten ein av tre elevar utan lærekontrakt.

Store skilnader
Verst på landsbasis er Service og Samferdsel. Her får berre 55 prosent av søkjarane læreplass, medan bygg- og anleggsteknikk kan skryte av ein mindre dårleg prosent på 71, i følgje nye tal frå Utdanningsdirektoratet.

Det er òg store regionale skilnader. Verst er det i Østfold, der under halvparten får lærekontrakt på tvers av fag. I bygg- og anleggsteknikk i Østfold er prosenttalet nede på 42. Til samanlikning får 83 prosent av slike søkjarar tilbod om kontrakt i det beste fylket, Rogaland.

Les også: Jobba seg til gull i Yrkes-NM

Stagnasjon
I fjor var det i følgje direktoratet 63,8 prosents dekning, ein auke i tal godkjente lærekontraktar på 11 prosent samanlikna med 2010 og 20 prosent samanlikna med 2009.

Tidlegare i år kunne vi lese at Kristin Halvorsen og Kunnskapsdepartementet lova at talet på godkjende lærekontraktar skal skal auke med 20 prosent fram til 2015.

I samband med at arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane skreiv under ei samfunnskontrakt tidlegare i år, uttalte Halvorsen:

– Utan fleire dyktige fagarbeidarar stoppar Noreg. Vi må difor styrkje fag – og yrkesopplæringa på mange måtar, men fleire lærekontrakter ute på bedrifter ikring i heile landet er eit heilt avgjerande verkemiddel. Dette må finne stad både i private bedrifter og i stat og kommune.

Lav realvekst
No viser det seg at tilskipinga av nye lærepassar ikkje har vore stor nok i 2012, og vert så godt som nulla ut av auken på elevar som vil ha kontrakt.

I år er den reelle tilveksten av plassar berre 583 plassar, ein vekst på 0,3 til 64,1 prosent. Det er den store auken søkjarar samanlikna med i fjor som gjer den reelle veksten så liten: 1000 fleire elevar enn i fjor var ute etter lærekontrakt i år.

Nedgang i Sogn og fjordane
Dei fleste fagområda har jamvel hatt ein prosentvis nedgang i tilgjengelege læreplassar per søkjar. Sogn og Fjordane er det verste fylket: Her har det vore ein tilbakegang på 5,5 prosent. Berre Bygg- og anleggsteknikk, elektrofag og naturbruk kan skryte av ein auke på landsbasis på omlag 2 prosent kvar.

Brei misnøye
Mangelen på læreplassar har lenge truga med å undergrave progresjonen til yrkesfagselevar rundt omkring i landet.

Eskil Pedersen (AUF) og John G. Bernander i NHO har tidlegare gått ut og krevd auka tilskot til læreplassar.

Samstundes er mange arbeidsgjevarar misnøgde med at norske lærlingar ikkje er gode nok, og satsar heller på utanlandsk arbeidskraft.

For at bedrifter skal ville ta inn læringar må kvaliteten vere god. Ute på dei yrkesfaglege skulane er både lærarar og elevar samde om kva som skal til for å heve kvaliteten og statusen til yrkesfaga.

Merksemda deira er retta mot betre og meir relevant utstyr og teori, i tillegg til dyktige og oppdaterte lærarar og utdanningsrådgjevarar.

 

Kva meiner du skal til for å skaffe fleire læreplassar?