– Paracet kan gje born astma

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Smertestillande kan gje astma

Paracetamol som blir selt som smertestillande i blant anna hovudpinetablettane Panodil og Pinex, har dei seinaste åra vore under mistanke for å medvirka til at born udviklar astma.

Mistanken blir no stadfesta av eit nytt av forskarar frå Dansk BørneAstma Center, ifølgje Videnskab.dk. I studiet, som omfattar 411 danske born, konkluderer forskarane at born som har fått paracetamol i deira første leveår i høgare grad blir ramma av astma i den tidlege barndomen.

LES OGSÅ: Gitarspeling mot fedme

– Me kan sjå ein sikker samanheng mellom born, som har fått Panodil, og born, som utviklar astmatiske symptom i alderen 0-3 år. Våre studiar stadfestar på den måte tidlegare studie, men me har i tillegg justert for førekomsten av ikkje-astmarelaterte lungeinfeksjonar, som kan vera grunnen til at born får Panodil. Det styrkar resultatet, seier Hans Bisgaard til videnskab.dk.. Han er overlege og leiar av Dansk BørneAstma Center, og professor i barnesjukdommar ved Københavns Universitet.

Forskarane likevel ikkje finna nokon samanheng mellom paracetamol-bruk det første leveåret og risiko for astma i det sjuande leveåret.

LES OGSÅ: Den farlege kvardagskroppen

– Det kan difor sjå ut til at risikoen for astma-utvikling berre er ein mellombels effekt, seier Bisgaard.

Trass i resultata, meiner overlegen det er for tidleg å koma med tilrådingar. Han vil forska meir på samanhengen mellom smertestillande og astma blant born. Bisgaard legg til at born sjølvsagt må få smertestillande viss dei til dømes har mellomøyreverk.

– Alt anna ville vore umenneskeleg, seier han til Videnskab.dk.