– Elektrifisering aukar CO2-utslepp

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Seniorkonsulent Ole Løfsnæs i konsulentselskapet Pöyry teikna eit kritisk bilete av planane om å elektrifisere norsk sokkel på eit seminar i Oslo onsdag, ifølgje Teknisk Ukeblad.

– Elektrifiseringa av sokkelen vil føre til at mindre fornybar kraft vert eksportert frå Noreg til Europa. På kort sikt, fram til cirka 2021-2022, vil CO2-prisen vere så låg at når du fjernar norsk fornybarproduksjon frå Europa, må dei bruke kolkraft i staden. Det betyr ein netto utsleppsauke, og ikkje ein utsleppsreduksjon, seier Løfsnæs.

Han understrekar at CO2-prisen vil auke frå 2022 og utover, slik at gasskraft blir alternativet i Europa om kraft frå Noreg uteblir. Det vil gjere at elektrifisering kan ha ein positiv effekt på dei samla CO2-utsleppa.

– Gasskrafta vil bli produsert av kraftvarmeverk, og desse er meir effektive enn turbinane på plattformene, seier Løfsnæs.

PRØV DEG PÅ DEN STORE KLIMA-QUIZEN!

Han understrekar samtidig at uansett kor mange utsleppskvotar ein sparer i Noreg, vil EUs kvotehandelssystem gjere at kvotane vert kjøpte andre stader, slik at den europeiske utsleppsveksten blir den same.

– Ein får ein utsleppsreduksjon nasjonalt. Men med klimapolitikken i EU i dag vil dei samla globale utsleppa vere uendra, seier Løfsnæs. (©NPK)