Vidaregåande-elevar som har ein open haldning til uforpliktande sex er oftare utsett for seksuell trakassering. Dei trakasserer òg oftare enn andre.

Framtida.no
Framtida.no

Tala kjem frå ein ny studie av 1199 elevar ved ni vidaregåande by- og bygdeskuler i Sør-Trøndelag. Resultata viser at unge menn og kvinner som rapporterer at dei har hatt one night stands og fleire sexpartnarar, og som generelt sett har ein open haldning til sex utan kjærleik, er oftare utsett for sextrakassering, melder Forskning.no.

Studien vart gjort av Leif Edward Ottesen Kennair og Mons Bendixen ved NTNU. Dei forklarar at funna deira bryt med den utbreidde oppfatninga at seksuell trakassering er ein refleksjon av eit samfunn der menn ynskjer å ha makt over kvinner og at dei trakasserer for å dominere kvinner.

Dei evolusjonære psykologane meiner i staden at sextrakassering, for begge kjønn, handlar om seksuell konkurranse. Den sterkaste drivkrafta bak slik trakassering er, enkelt sagt, ynsket om å få seg eit ligg.

LES OGSÅ: Éi av ti jenter har opplevd sexovergrep

– Viss du i ein sosial situasjon ynskjer å signalisera interessa di for uforpliktande sex så vil trakassering av ein av same kjønn kunne auke sannsynet din for å få sex med andre, ved at du har signalisert tilgjenget ditt og haldningane dine til sex, seier Bendixen til Forsking.no.

Elevane som deltok i studien var i gjennomsnitt 17 år gamle – ein alder der jentene har kome lengre i den seksuelle utviklinga si enn gutane.

63 prosent av jentene rapporterte at dei har hatt minst ein sexpartnar i løpet av det siste året, medan 48 prosent av gutane rapporterte det same.

LES OGSÅ: Fleire unge sexdebuterer

Ein liknande skilnad kom fram når dei vart spurt om dei har hatt one night stands. Medan 41 prosent av gutane sa ja til dette, sa 46 prosent av jentene det same.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE