Vil utvide psykologtittelen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Psykologi gjeld andre område enn berre det kliniske. Det er ei misforståing i Noreg at det er berre dei som har studert klinisk psykologi gjennom profesjonsstudiet som er psykologar, seier Madeleine Dalsklev, masterstudent i helse- og sosialpsykologi ved Universitetet i Oslo (UiO).

Per i dag kan dei med ei masterutdanning heller ikkje bli medlem i Norsk Psykologforening.

– Eg har jobba i studentorganisasjonen til European Federation of Psychologists' Association (EFPA), og har slik merka at systemet i Noreg er utdatert. Studentar i Europa reagerer på at vi ikkje kan bli med i psykologforeininga, seier Dalsklev.

Saman med Karen Eimot har ho starta ein underskriftskampanje for at også dei som tek ein mastergrad i psykologi skal kunne kalle seg psykologar innan fagfeltet sitt, som til dømes helsepsykolog eller arbeids-og organisasjonspsykolog.

Positive til endringar
Ved Universitetet i Bergen (UiB) har masterstudentane fått med seg underskriftskampanjen, og er positive til ei eventuell utviding av psykologtittelen.

– Saka har ikkje vore like mykje oppe her som i Oslo, men det har vore nemnt av forelesarar at vi gjerne kan gå i retning av å følgje standarden som er sett i EuroPsy. Folk har vore positive til dette, seier Lena Zahlquist, masterstudent ved UiB.

EuroPsy er EFPA sin standard for psykologutdanningar. Denne seier at alle som tek ei psykologutdanning skal følgje løpet med bachelor og master, med påfølgjande eitt års praksis. Dette gjeld også dei som studerer klinisk psykologi.

Anders Skogstad, leiar for programstyret for arbeids- og organisasjonspsykologi, fortel at saka har vore til debatt i fagmiljøet.

– Det er ei interessant problemstilling som har vore diskutert med jamne mellomrom dei siste åra. Mellom anna har det vore vurdert kva som skal til for at vårt masterstudium skal kunne godkjennast innanfor EuroPsy-standarden. Vi manglar mellom anna eit praksisår, seier Skogstad.

LES OGSÅ: På toppen i sjølvmord

Zahlquist understrekar at dersom ein skal endre systemet her i landet er det viktig med standardisering og kvalitetssikring.

– Det vil vere eit skilje mellom kliniske psykologar og andre ved at ein måtte hatt tittelen på fagfeltet før psykolog. I tillegg må utdanningane følgje EuroPsy-standarden, seier Zahlquist.

Fagmiljøet ved UiB jobbar ikkje aktivt med denne problemstillinga per i dag. Dei seier det er grunna stort arbeidspress med andre faglege spørsmål.

– Vi jobbar for tida ikkje med å lage ei utdanning som kan oppfylle EuroPsy-krava. Dersom det skal skje endringar i så måte må dette vere forankra i vedtak på fakultetet, seier Skogstad.

Misforståingar
Dalsklev ved UiO meiner mange som tek profesjonsstudiet misforstår og ser litt ned på masterutdanningane. Dette har ført til at dei er kritiske til endringar av systemet.

– Dei er redde for at tittelen skal bli ubeskytta, og det er også negative holdningar mot masterstudiet. Mange trur at dei som tek master eigentleg ville inn på profesjonsstudiet. Dette er feil. Det er vanskeleg å komme inn på masterstudiet, og dei som er der vil studere andre område enn det kliniske, seier Dalsklev.

Jarle Eid, dekan ved Det psykologiske fakultet, var ikkje tilgjengeleg for kommentar.

LES OGSÅ: Fire av ti studentar fullfører ikkje graden

– Ikkje på agendaen

Norsk Psykologforening meiner debatten om utviding av psykologtittelen er ei avsporing frå ein viktigare debatt om faget si framtid.

– Tittelspørsmål og medlemskap for andre enn kliniske psykologar er ikkje på agendaen vår no. Problemstillinga vi vil ha fokus på er psykologifaget si framtid. Nesten ingen veit kva psykologien som fag kan tilby og kunnskapen er teken alt for lite i bruk i samfunnet i dag, seier Tor Levin Hofgaard, president i Norsk Psykologforening.

Han understrekar at dagens ordning har heimel i lov om helsepersonell og er oppretta med omsyn til pasientane.

– Pasientane skal vere sikre på at dei som gir psykologisk helsehjelp har god kompetanse og gode ferdigheiter, seier Hofgaard.

Ei utviding av tittelen og medlemskap i psykologforeininga for dei med ein mastergrad var drøfta i 2011, men gjekk ikkje gjennom.

– Det var ikkje tilstrekkeleg fleirtal for dette. Det er ein kvalitativ forskjell på profesjonsstudiet og masterstudiet ved at profesjonsstudiet er eit integrert teoretisk og praktisk studieløp kor læringsmål og profesjonsindentitetsmål er definert frå første dag. Masterstudiet er eit teoretisk studie av psykologi. At psykologtittelen er verna er eit svar på eit samfunnsbehov når det gjeld tryggleik og tydelegheit ovanfor pasientane, seier Hofgaard.

Psykologforeininga ser det ikkje som eit problem at Noreg har eit anna system enn mange av dei andre landa som er med i EFPA.

– At det ikkje er noko samla system for lovregulering av psykologisk verksemd eller psykologtittelen i Europa har ingen konsekvensar for pasientane i Noreg, seier Hofgaard.

LES SAKA I STUDVEST!