Raudt vil halde på eigen karakter

Raudt går mot forslaget frå utdanningsdirektoratet til ny læreplan, om at det skal innførast berre ein karakter for norskfaget.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fjerning av sidemålskarakteren vil svekkje betydninga av nynorsk i skulen, seier AU-medlem i Raudt, Stian Nicolajsen.

– Me veit at norske elevar har svake prestasjonar i sidemål, og spesielt i nynorsk. I denne situasjonen vil det vera å gjere norske elevar ein bjørneteneste å fjerne dokumentasjonen på ferdigheitane i sidemålet. Me fryktar at dette ytterlegare vil svekkje nynorsken si stilling i skulen, og føre til at betydninga av sidemålet blir mindre i karaktersettinga, seier Nicolajsen.

Undrande
Partiet stiller seg undrande til korleis endringa skal praktiserast, og meiner at utdanningsdirektoratet ikkje skjønar konteksten forslaget er i.

– Det store fleirtalet av norske elevar har nynorsk som sidemål, og dessverre er skriftmålet lite populært blant mange elevar og foreldre. Lærarane vil bli satt under eit stort press for å vege prestasjonar i hovudmålet høgast hjå elevar med dårlege sidemålskunnskapar, seier Nicolajsen.

– Poenget med læreplanar og karakterar er å sikre elevane eit læringsutbytte uavhengig av den enkelte lærar. Med èin norskkarakter skyv ein alt ansvaret for den til tider vanskelege jobben med å lære elevane nynorsk over til læraren. Det er i utgangspunktet ikkje ein dårlig idé å redusere fokuset på resultat og måling i skulen, men det er å byrje i heilt feil ende å fjerne karakteren i eit fag elevane slit i og som er under press, seier Nicolajsen.

Krev meir utgreiing
Eit minstekrav frå partiet er at det må gjennomførast grundige undersøkingar for å finne den eventuelle læringseffekten av forslaget.

– Dei få forsøka som er gjort manglar vitenskapleg tyngde i fagmiljøet. Ein slik endring kan få store konsekvensar for nynorskens stilling i Noreg, og må bli grundig utreida, seier Nicolajsen.

– Det er breid politisk einigheit om at Noreg skal ha to likestilte skriftmål, og det er dokumentert at to skriftmål styrkjer nordmenn sine språkferdigheiter, som óg gjer det lettare å beherske fleire språk. Dette forslaget må sjåast i denne samanhengen, og er på sett og vis eit forsøk frå byråkratiet å kuppe den vedtatte norske språkpolitikken, seier Nicolajsen.