Leverandørindustrien feirar oljeboomen, og melder om stort behov for arbeidskraft. Samstundes taper eksportindustrien terreng.

mm

– Det er eit stort og aukande behov for arbeidskraft i leverandørindustrien, seier fagsjef i Norsk Industri, Sindre Finnes til Framtida.no.

Ordretilgangen for bygging av skip og oljeplattformer i heile Noreg låg på 187,8 milliardar ved utgangen av 3. kvartal. Berre ein gong før har ordrereserven vore så høg som dei siste ni månadane, ifølgje SSB.

Noregs største verft har truleg aldri hatt større ordrereservar enn akkurat no. I løpet av halvtanna år har Kværner på Stord fått vunne kontraktane på bygging av Eldfisk og Edvard Grieg. I tillegg vann dei ein langtidskontrakt på utviding av Ormen Lange-anlegget utanfor Molde. Til saman har kontraktane ei verdi på nær 20 milliardar kroner.

– Me er i rekrutteringsmodus, seier informasjonssjef Odd Naustdal i Kværner.

– Me treng folk innanfor dei fleste fag, men er spesielt jakt etter ingeniørar og dyktige fagarbeidarar innan våre kjernedisiplinar sveis, røyr, maskin, plate, elektro og automasjon.

LES OGSÅ: Kva vil oljeboomen gjera med oss?

Aukande skilnader
– Avstanden mellom dei industribransjar som går godt på grunn av petroleumsaktiviteten og dei som slit med utviklinga i eksportmarknadene aukar. Svekkja vekst i globale marknader, særleg i Europa bidreg til at tradisjonell eksport blir veikt, og dette blir merka i industrien, seier Sindre Finnes i Norsk Industri.

Så langt i år er industriproduksjonen i leverandørbransjane maskinar og verft auka med 13 prosent, medan produksjonen i kjemiske råvarer og papir er redusert med 16-18 prosent. Det viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå. Selskap som har betydelege leveransar til petroleumsindustri har òg eit høgare aktivitetsnivå enn i fjor.

Andre viktige eksportbransjar som møblar, metall og elektro har redusert produksjon så langt i år.

Oljeboomen fører òg med seg eit lønspress. Norsk Industri er difor glade for at regjeringa tidlegare i haust sette ned eit utval som skal sjå nærmare på lønsdanninga.

LES OGSÅ: – Ingeniørar må flyttast frå olja til vindkraft

Store variasjonar
Ordrereservane for leverandørindustrien har dobla seg på 2,5 år. Store variasjonar skaper større behov for innleige for å ta unna toppane.

For Kværner på Stord står det att å sjå kor mange som innleigde arbeidarar som vil jobba under toppane:

– Volumet på innleige avheng av fasen i prosjektet og aktiviteten dei andre prosjekta. I sluttfasen av eit prosjekt har me erfaringsvis ein del innleige, men det er vanskeleg å spå nøyaktig kor mange på dei ulike prosjekta, seier Odd Naustdal.

Korkje Kværner eller Norsk Industri har noko synspunkt på om styresmaktene burde gjera noko for ordna køen i utbyggingar betre, slik at ein ikkje får så store variasjonar.

Alle dei raudgrøne ungdomspartia har det siste halvåret tatt til orde for å skru ned utbyggingstempoet på norsk sokkel, seinast Senterungdommen på landsmøtet sitt no i helga.

KVa meiner du? Bør Noreg dempa tempoet i utbyggingar på norsk sokkel?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE