Nynorsk fridom

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

I 1999 vart Karl Arne Utgård utnemnd som høgsterettsdommar, som den fyrste faste dommaren med nynorsk som arbeidsspråk i domstolens historie. Vi lurte på korleis han kom seg dit, på kvardagane i landets øvste domstol og om han hadde nokre nynorskråd til framtida sine lesarar.

– Ein kan ikkje planlegge og ein må gjere det ein har lyst til, for det kan ikkje definerast ein spesiell veg til Høgsterett. Eg trur likevel det er viktig å gjere noko litt anna undervegs i studia, sjølv arbeida eg i Kringkastingsringen der eg mellom anna laga medlemsavis. Nokre har sikkert nytte av slikt som å spele basket, men eg hadde i alle fall god nytte av å skrive på ein litt annan måte enn det ein gjer på jussen, forklarar Utgård.

Tilfeldig
– Det er jo ikkje  spesielt å verte høgsterettsdommar. Men det starta med at eg tok ein bra eksamen, noko som gav med interessante moglegheiter, forklarar Utgård. Frå han tok juridisk embetseksamen har han mellom anna jobba hjå Regjeringsadvokaten, som er statens advokatkontor i sivile saker, og han har jobba som sjølvstendig som advokat med møterett for Høgsterett.

Spesielt eller ikkje – Høgsterett og Regjeringsadvokaten er begge på topp-10 lista over det jusstudentane ser på som dei mest attraktive arbeidsplassane, ifylgje Universum. Men lenge før Høgsterett, kjem valet om å studere juss. For Utgård fall det noko tilfeldig, etter fullført gymnas i Volda. 

– Det var samfunnsinteressa som sigra, for eg vurderte også å verte ingeniør og bestemte meg for jussen heilt i siste liten. Juss var ikkje eit statusval den gongen – studiet var då også ope.

LES OGSÅ: Politiet bryt lova

Rytmen i Høgsterett
Høgsteretts Hus er ein ærverdig bygning, som stod ferdig i 1903 og der orda lov, sandhed, og ret, møter deg på veg inn. Skal sakane verte handsama, må dei fyrst sleppe gjennom nålauget i Ankeutvalet, og berre eit fåtal av sakane kjem vidare. Dei fleste av sakane som slepp gjennom, vert handsama av fem dommarar i fyrste eller andre avdeling. Men nokre av sakane vert handsama i storkammer med 11 dommarar, eller i plenum med alle dommarane.

– Mykje av tida i Høgsterett går til å sitje i retten og arbeide med domsutkast. Noko av det eg set pris på er at dei heile tida vekslar kven av dei andre dommarane eg sit i kammer med. At vi er 20 dommarar, opnar for stadig ulike samans, forklarar Utgård.

Høgsterett kan mellom anna vurdere om lovar er i strid med Grunnlova, dei siste åra har det og vorte meir fokus på menneskerettane i sakshandsaminga.

– Vi arbeider berre med papir og tek slik mindre stilling til faktum, forklarar Utgård. For i Høgsterett er det ingen direkte vitneføringar, i straffesakar tek dei heller ikkje stilling til skuldspørsmålet.

Ingen alternativ til nynorsk
Karl Arne Utgård har aldri møtt negative fordommar med å nytte nynorsk som jusspråk, korkje i studietida eller seinare.

– I studietida tenkte eg aldri på det å ikkje skrive nynorsk som eit alternativ.

Utgård meiner nynorsk kan vera eit godt jusspråk, og peiker på at målforma kan gje eit friare forhold til lærebøker og lovtekstar på bokmål. For arbeidet for meir bruk av nynorsk i norsk rettsvesen, vart han kåra til Årets Nynorskbrukar i 2000. Sjølv peikar han på miljøet ved juridisk fakultet i Bergen, der ein tredjedel av dei vitskaplege tilsette nyttar nynorsk, som viktig for å få fram moderne nynorsk som jusspråk. 

LES OGSÅ: Kjempar mot nynorskhat på Blindern

Overomgrep
– Ei utfordring er ord som er i etablert bruk på bokmål, desse kan vera vanskelege å gripe. Overomgrep med fleire tydingar, kan og vera problematisk. Slik som til dømes erverve, som i jussen kan nyttast kring både sal, arv og tvangsauksjon og anskaffelse, som gjeld mange måtar å skaffe noko på, forklarar Utgård. Desse utfordingane var noko av grunnen til at han utarbeida ei Juridisk og administrativ ordliste, til hjelp for dei som lurar på kva dei skal skriva for til dømes besittelse eller uaktsomhet. Svara er innehaving og aktløyse.

Monaleg
Med språk som arbeidsverktøy i fleire tiår, får ein sine ord og sitt språk. Vi lurte på om Utgård hadde funne nokre favorittar på vegen?

– Eg likar monaleg, det er eit veldig nynorskord og eit godt dommarord. Det er eit  litt vagt ord for noko som er betydeleg, vesentleg eller kanskje større enn, og er eit fint ord for å gje valør på ting. Han dreg og fram nokre ord det kan være lurt å lære seg, om ein vil meistre nynorsken.

– Det er i grunn ganske få ord det er naudsynt å kunne. Men at bestemmelse er føresegn på nynorsk, at beslutning er vedtak, at virksomhet er verksemd og at begrense er avgrense, er lurt å vite, forklarar han. Samstundes peikar han på valfridomen i språket, at ein kan skrive både erstatning og skadebot og bådebevis ogprov