Mot eit endå greiare samfunn!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amerikanarane har ingenting å skryte av på dette området heller. Jadå, Obama vann og fekk ein ganske stor del av stemmene. Men vi er betre. Om det var nordmenn som bestemte, så ville Obama vunne og fått praktisk talt alle stemmene.

Det er få politiske stridstema folk i Norge er så einige om som spørsmålet om kven som bør styre USA.

Og dette vil eg jo tru at norske politikarar og norske valkampplanleggarar merkar seg. Eg vil tru at dei ser sigerstalen til Obama igjen og igjen og spør seg: Korleis kan vi få til det der?

Dei er jo ikkje dumme, dei som planlegg norske valkampar, så dei veit at dei ikkje berre kan kopiere Obama. Norske politikarar kan ikkje berre seie det same som Obama og tru at alt ordnar seg.

Det vil for eksempel verke ganske pussig viss Audun Lysbakken held sigerstalen sin på valnatta neste år og seier at noko av det første han skal gjere er å sette seg ned og snakke med Mitt Romney.

Det vil sjølvsagt verke ganske pussig, og feil, om Audun Lysbakken held ein sigerstale i det heile tatt.

Så la meg ta eit meir realistisk eksempel:

Det blir fort både rart og forvirrande om Erna Solberg tek heilt av i valkampen og under ein tale til støttespelarane sine ropar ut: «Michelle, I have never loved you more!»

Så her må ein tenke endå smartare.

Det er ikkje berre å omsette Obama direkte frå engelsk til norsk. Ein må omsette han indirekte. Og det er det eg vil tru valkampplanleggarane i Norge driv med no. Dei prøver å finne norske parallellar til det Obama seier.

Eg jobbar alltid i demokratiets teneste og vil gjerne hjelpe til. Her er nokre av dei tinga Obama sa, og mine forslag til kor langt norske politikarar kan strekke seg i retning av å seie det same.

Obama sa:
Tonight, more than 200 years after a former colony won the right to determine its own destiny, the task of perfecting our union moves forward.

Ein norsk politikar kan sleppe unna med:
I kveld, ca. 19 år etter Lillehammer-OL, har vi tatt eit nytt steg mot – eg vil ikkje seie ein perfekt union, fordi ingenting er perfekt, ting kan alltid bli betre, dessutan blir det lett så dårlig stemning av ordet union. Så la meg heller seie at vi har tatt eit nytt steg, eit ganske lite steg, mot at eit samfunn som på veldig mange måtar fungerer fint, skal halde fram med å vere eit samfunn som på veldig mange måtar fungerer fint.

Obama sa:
It moves forward because of you. It moves forward because you reaffirmed the spirit that has triumphed over war and depression, the spirit that has lifted this country from the depths of despair to the great heights of hope.

Ein norsk politikar kan sleppe unna med:
Takk for frammøtet.

Obama sa:
I just spoke with Governor Romney and I congratulated him and Paul Ryan on a hard- faught campaign. We may have battled feircely, but it’s only because we love this country deeply.

Ein norsk politikar kan sleppe unna med:
Eg snakka nettopp med dei andre partileiarane. Men de såg de sikkert, sidan det var i partileiardebatten som blei direktesendt både på NRK og TV2. Eg takka alle for ein fin valkamp. Det vil seie, det gjorde eg ikkje. Vi prøvde stort sett å forklare framgangar og tilbakegongar på måtar som gjer at vi alle kan gå på jobb i morgon utan å verke altfor mykje som taparar. Og det gjorde eg berre fordi vi – ikkje elskar dette landet, det blir litt mykje, men fordi vi også i tida framover skal diskutere korleis vi kan sørgje for at eit samfunn som på veldig mange måtar fungerer fint, skal halde fram med å vere eit samfunn som på veldig mange måtar fungerer heilt fint.

Obama sa:
Thank you, America. God bless you. God bless these United States

Ein norsk politikar kan sleppe unna med:
Spørsmål?

Først publisert i Aftenposten 10. november.

 

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!