Tar oppgjer med nettmobbing

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tar oppgjer med grov hetsing

– Eg skal ta eit oppgjer no, med alle de feige anonyme der ute som skriv ei rekkje usaklege ting i kommentarfeltet, skriv Sandra Borch på bloggen sin i dag, onsdag.

LES OGSÅ:Like mange blir mobba

Grov mobbing
Leiaren i Senterungdommen skriv at ho ikkje sjølv tar seg nær av det som blir skrive, men at ho reagerer på at slik nettmobbing har blitt eit stort problem.

– Eg har sjølv vald å bli ein offentleg person i valet mitt om vera politikar. Eg tåler å høyra det aller meste. Men til de anonyme der ute, det er ikkje alle som tåler å høyra det dykk klarer å lira ut av dykk bak anonyme namn gøymt bak ein PC-skjerm, skriv ho vidare.

Sandra Borch ramsar òg opp noko av det som har stått i kommentarfelta på bloggen hennar. Mellom anna får ho høyra at ho ikkje duger til anna enn å spela i pornofilmar.

LES OGSÅ: 9.500 mindreårige har delt nakenbilete av seg

– Slit psykisk
Borch fortel at ho bestemte for å skriva eit innlegg om nettmobbing då ho fekk ein epost frå ei på jente på 13 år som fortalte at ho har blitt øydelagd av all mobbinga og græt kvar kveld.

– De mobbarar der ute er noko av det feigaste eg veit av. Driten de lirer av dykk er faktisk grunnen til at mange unge der ute sliter psykisk, skriv Sandra Borch.

Ho oppmodar foreldre til å følgja med på kva unge jenter og gutar gjer på nettet.

Ein fersk rapport frå EU viser at svært få foreldre i Noreg veit at ungdommane deira blir mobba på nett.

LES OGSÅ:Verst på å oppsøkja skadelege nettsider

Psykisk helse på landsmøte
På fredag opnar landsmøtet til Senterungdommen i Bodø.

– Ungdom og psykisk helse blir eit veldig viktig tema på landsmøtet vårt, seier Sandra Borch til Framtida.no. Ho meiner dette er eit spørsmål som det har vore altfor lite fokus på.

Ungdomspartiet føreslår blant anna å auka kunnskapen om psykisk helse og at det skal bli eit vesentleg løft for barne- og ungdomspsykiatrien. Partiet føreslår òg at det blir innført ei veke på kvar skule der psykisk helse står i fokus, og samstundes knyte skulehelsetenesta tettare til psykisk helsevern.