Anne-Helene Grøn har operert kattar og hundar i Shanghai, Budapest og Oslo. Veterinærstudiet i Budapest er ikkje ein leik.

Faktaboks

– Kring 300 nordmenn studerer til veterinær i utlandet
– 2/3 av desse er i Ungarn
– Mattilsynet autoriserer veterinærar med utanlandsk utdanning og studentane må gjennomføre ei tilleggsutdanning ved Noregs veterinærhøgskole før dei kan bli autoriserte.

Kjelde: ANSA

LES FAKTALUKK FAKTA

Jaktsesongen er i gong. Det merker Anne-Helene Grøn (28) og kollegaane på Bjørkelangen dyreklinikk. Dei sedvanlege øyrebetennelsane, vaksineringane, operasjonane og vanskelege fødslane blir avbrotne av kuttskadar og andre akutte tilfelle når talet på jakthundar i Akershus stig.

Innimellom vaktene tek veterinær Anne-Helene Grøn (28) seg tid til å reflektere over studietida si i Budapest, Ungarn. Det er to år sidan ho var uteksaminert frå Faculty of Veterinary Science ved Szent István University. Då hadde ho budd i Budapest i 6,5 år.

– Studiet kravde utruleg mykje krefter, tid og frustrasjon når det stod på, men eg er glad for at eg kom igjennom det, fortel Anne-Helene.

– Og no har eg eit veldig bra yrke!

Flest til Ungarn

Ifølgje ANSA er det kring 300 norske veterinærstudentar i utlandet. To tredjedelar av desse er i Ungarn, men ein kan studere til veterinær i alle land.

Mattilsynet autoriserer veterinærar med utanlandsk utdanning. Veterinærar med utdanning frå EØS-landa og Sveits, USA, Canada, Australia og New Zealand får vanlegvis autorisasjon i Noreg.

Her kan du lese meir om veterinærstudiar i utlandet!

Ein stor familie
For Anne-Helene har det alltid vore ein draum å bli veterinær. Først var det hesteveterinær som var målet, men i laupet av studietida innsåg ho at miljøet for smådyr var større og mindre einsamt.

Etter vidaregåande fekk ho kombinere draumen med ønsket om å studere i utlandet. Ho gjekk eit år på førstudium i Budapest saman med veterinær-, tannlege- og medisinstudentar, før ho tok til med den fem og eit halvt-årige veterinærutdanninga.

– I Budapest var vi som ein stor familie og eg treivst veldig godt. Byen er gamal, med store praktfulle bygningar. Donau renn gjennom byen og midt i elva ligg ei stor øy med parkar. Mange av veterinærstudentane hadde hundar som vi tok med oss i parken når vi slappa av eller studerte, fortel Anne-Helene.

Rimelegare levekostnadar gjorde det mogleg for studentane å ete lønsj og middag ute. Utelivet i Budapest var heller ikkje å forakte, ifølgje veterinæren.

LES OGSÅ: Møte ein dyrepleiar

– ANSA er veldig store i Budapest, og arrangerte til dømes quizar og turar. Skulen hadde ein eigen bar på campus, der vi òg brukte ein del tid. Vi levde godt som student, men det blei jo stramt der òg mot slutten av semesteret.

Ho vil likevel ikkje klage i samanlikning med studentar som held til i Noreg.

– Det fine med å studere i utlandet er at ein får med seg meir enn det faglege. Eg er født og oppvaksen i Oslo og hadde eg studert heime hadde eg nok ikkje møtt like mange nye menneske, seier ho.

Samstundes gjorde direktefly og fleksible eksamenar at vegen heim til Oslo ikkje var så langt.

– Avstanden føltes ikkje så stor til Noreg og vi kunne reise heim ganske ofte, fortel Anne-Helene.

LES OGSÅ: Studentsamhald på Kontinentet

Den gamle skulen
Trass i godt studiemiljø og bra uteliv, er det ikkje noko løyndom at dei fleste og lengste dagane var tilbrakt på bibliotek og lesesal. Den største utfordringa var det faglege presset, fortel Anne-Helene.

– Ein må verkeleg brenne for faget og vere førebudd på at studiet er hardt om ein vil studere i Budapest. Det er mykje pugging og ikkje alltid like hyggelege professorar. Universitetet tek inn fleire studentar enn dei har plass til vidare og mange fell av etter dei første to åra. Utan gode studiekameratar hadde eg nok ikkje klart det, fortel ho.

Språkbarriera kunne vere ei utfordring, både i privatliv og i praksis.

– Ein blir frustrert når ein har tydd til engelsk, prøvd teiknespråk og forsøkt å stotra på tysk og ein framleis ikkje skjøner kvarandre. Slik er det vel for alle som reiser utanlands.

I møte med professorane vart kanskje ulikskapane mellom norsk og ungarsk kultur synlegast. Møtte ein på ein professor i skulegarden skulle ein slå blikket ned og ikkje helse før professoren helste.

– Då svarde vi med professor og etternamn, aldri førenamn. På eksamen stilte vi i mørk dress og kvit skjorte, fortel veterinæren.

LES OGSÅ: Ei medisinsk reise

Smådyr i Shanghai
Skulekvardagen var likevel ikkje berre pugging. Forutan førelesningar og praktiske øvingar, hadde veterinærstudentane ein god del praksis. Då fekk dei prøve seg på smådyrklinikken på skulen og stordyrklinikken, som låg på landsbygda eit stykke unna.

– Ei av utfordringane med å studere i Ungarn kjem i møte med arbeidslivet i Noreg. Spesielt i Oslo er det stor rift om arbeidsplassane, og det kan vere vanskeleg å konkurrere med dei som har studert i Noreg, hatt mykje praksis og ikkje minst fått arbeidserfaring og ein fot innanfor. Språkbarrieren kan òg hindre oss i å få like mykje ut av praksisen i Ungarn som i Noreg.

Anne-Helene reiste heim i sommar- og juleferien, og fekk erfaring frå ein klinikk i Oslo. Ein sommar sette ho òg kursen i motsett retning, og skaffa seg eit innblikk i ein kinesisk smådyrklinikk.

– Eg arbeidde ein sommar på ein smådyrklinikk i Shanghai. Det var veldig spesielt, ler ho.

– Tilfella i Noreg og Ungarn liknar, men kinesiske dyreeigarar hadde ikkje alltid like mykje erfaring med dyr som dyreeigarane i Europa. I Shanghai måtte ein etter lova ha eit sertifikat frå staten, som var ganske dyrt. Dermed var hunden eller katten eit statussymbol for mange, heller enn eit kjæledyr.

Her kan du lese meir om jobb og studiar i utlandet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE