Gutar får dårlegare karakterar av lekser

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får dårlegare karakter av lekser

I Noreg er det ingen sterk samanheng mellom bruk av lekser og skuleresultat. Medan gutar får så vidt litt dårlegare karakterar av lekser, får jentene noko betre karakterar av lekser.

Det er ein av konklusjonane i ein ny analyse av skuleresultat, tidsbruk i klasseromma og leksepraksisen blant niåringar i 16 OECD-land.

Heller ikkje i Nederland, Italia, Tyskland, Tjekkia, Danmark, Japan, Nederland, New Zealand, Slovakia, England og Skottland er det ein sterk samanheng mellom lekser og skuleresultat. Sverige er eit spesielt tilfelle, fordi forskarane finn ein negativ effekt av lekser, det vil seie at elevar som får lekser gjer det dårlegare på skulen.

I nesten alle land er effekten av lekser størst for jenter. Berre Australia, austerrike og England har større kjønnsforskjellar enn Noreg.

Marte Rønning seier til Framtida.no at dei ikkje har forska noko på kvifor det er så store kjønnsforskjellar.

LES OGSÅ: Streikar for å bli kvitt leksene

Klasseromstid og lekseeffekt
Analysen viser ein klar samanheng mellom kor mykje tid elevar og lærarar tilbringer saman i klasserommet og effekten av leksar på skuleresultater. I USA og Australia, som har størst effekt av leksar på prestasjonar, tilbringer lærarane meir tid i klasserommet enn i dei andre landa i løpet av eit år. I USA tilbringer lærarane 1097 timar i klasserommet, medan talet er 874 timar for lærarane i Australia. Til samanlikning tilbringer lærarane i Noreg 741 timar i klasserommet.

På bakgrunn av funna, konkluderer forskarane med at leksar ikkje kan sjåast på isolert, men må sjåast i samanheng med kva som elles blir gjort i skulen.

– Ei mogleg forklaring på at lekser har svak samanheng med skuleresultat i einskilde land som til dømes Noreg, kan vera at lekser blir ein substitutt for det som skulle vore undervist i fellesskap i klasserommet, seier forskarane Torberg Falch og Marte Rønning.

Skaper forskjellar
Andreas Halse, leiar i Sosialistisk Ungdom, ønskjer å kvitta seg med leksene i skulen.

– Leksene er ein av dei største årsakene til at dei sosiale forskjellane blir forsterka i skulen. Ein kan også sjå at lekser har negativ effekt på læringa, seier han.

– Alle barn må ha fleire arenaer for meistring. Difor er me veldig glade for regjeringa har satsa så mykje med leksehjelp og no også valfag, seier SU-leiaren.

Førre månad vedtok landsmøtet til AUF også motstand mot lekser.

– Det er veldig bra at fleire og fleire sluttar seg til ei linje som SU har stått på lenge, seier Halse.

Bør ein framleis få lekser i skulen? Eller bør ein i staden ha noko lengre skuledagar?