– Klimaendringar kan skape kraftigare orkanar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Orkanane kan bli kraftigare

Medan klimaendringane nærmast har vore totalt fråverande i valkampen i USA, har uvêret Sandy i det minste fått somme amerikanske politikarar til å rette merksemda mot temaet.

– Dei som ikkje meiner at vêrmønstra er i ferd med å endre seg, fornektar røynda, sa guvernør Andrew Cuomo i den uvêrsherja delstaten New York tysdag.

Han ymta om at dei menneskeskapte klimaendringane var ei medverkande årsak til kjempeorkanen, som til alt overmål har fått kallenamnet «Frankenstorm» – eit ordspel på romanfiguren Frankenstein, som mista kontrollen over eit monster han sjølv hadde skapa.

LES OGSÅ: – Klimaendringane vil skje saktare enn før trudd

– Har blitt semje
Om Sandy faktisk var eit menneskeskapt monster, er det likevel ingen som kan seie sikkert.

Å knyte eit einskild vêrfenomen til den globale oppvarminga er i utgangspunktet svært vanskeleg. Mange forskarar meiner at det førebels er umogleg, sidan vêret heile tida vert påverka av naturlege variasjonar.

Noko enklare er det å sjå samanhengar mellom oppvarminga og gjennomsnittlege endringar i vêret over tid. Og ein del vitskapsfolk meiner orkanane er i ferd med å verte kraftigare nettopp på grunn av klimaendringane.

– Det er no semje blant forskarane om at styrken på orkanane har auka, og at det er sannsynleg at dette vil halde fram under ei global oppvarming, seier forskar Pål Prestrud ved Cicero senter for klimaforsking til Aftenposten.

Han får delvis støtte frå Tom Mitchell, klimaansvarleg ved den britiske tankesmia Overseas Development Institute.

– Det er ein del funn som tyder på at klimaendringane vil føre til kraftigare vindstyrkar, seier han til nyheitsbyrået AFP.

PRØV DEN STORE KLIMAQUIZEN VÅR!

Komplekst fenomen
Når det gjeld frekvensen av orkanar, er uvissa større. Prestrud meiner ny forsking tyder på at klimaendringane kan føre til fleire orkanar, medan Mitchell tvert i mot trur talet kan gå ned.

Grunnen til at det er vanskeleg å fastslå samanhengen mellom global oppvarming og orkanar, er at dei kraftige uvêra er komplekse fenomen som vert påverka av mange ulike faktorar.

– Ein syklon avheng ikkje berre av havtemperaturen, men også av strukturen i vindane i kvart einskild lag av atmosfæren, seier Serge Planton frå den franske vêrvarslingstenesta Météo-France.

Samanhengen mellom klimaendringar og nedbør er noko enklare å påvise, og mange forskarar meiner risikoen for både flaum, styrtregn og tørke har auka. (©NPK)

LES SISTE KLIMANYTT HER!