Dyveke Fjeld Elset (22) frå Tønsberg er leiar for ANSA i Spania. Ho vil bruke si utanlandserfaring til å hjelpe andre utanlandsstudentar.

Faktaboks

ANSA
• Association of Norwegian Students Abroad
• Hovudkontor i Oslo
• 500 tillitsvalde i over 60 land
• Føremålet er å ta vare på norske utanlandsstudentar sine interesser og skape forståing for ressursen utanlandsstudentane har i kraft av internasjonal erfaring og kompetanse
• Partipolitisk nøytral interesseorganisasjon

Kjelde: Ansa.no

LES FAKTALUKK FAKTA

– Om du ønskjer å studere i Frankrike er det berre å ta kontakt, seier leiaren for landsstyret i Frankrike, Ingrid Sofie Øvrum Sem (21).

For henne har ANSA vore medverkande for realiseringa av studiar i Frankrike og Spania.

– Som utanlandsstudent på sjette året hadde eg lyst til å bidra i ein organisasjon som har vore til både stor nytte og glede under alle mine år i utlandet. ANSA er ikkje berre ein unik informasjonskanal, men også med på å skape samhald og tryggleik, meiner Ingrid.

LES OGSÅ: Blondt hår gav kinesisk operakarriere

I Frankrike arrangerer ANSA årleg fleire faglege og sosiale arrangement, mellom anna Norsk-Fransk Forum. Lokallaga i Paris og Toulouse held mellom anna julebord og pyreneetur.

– Gjennom kontaktpersonane våre ønskjer vi å kunne hjelpe med best mogleg informasjon til alle nye studentar, fortel Ingrid.

Øvst på prioriteringslista i år står eit solid og godt Norsk-Fransk Forum.

– Då inviterer vi årleg ei rekkje norske bedrifter og profilerte føredragshaldarar for å snakke om årets tema. Dette er ei unik moglegheit for norske studentar i Frankrike til å møte norske bedrifter, noko som er nyttig sidan dei aller fleste norske studentane i Frankrike har tenkt seg til Noreg etter studiane.

Les meir om studiar i utlandet her!

ANSA-basill i Spania
Spania-leiaren Dyveke Fjeld Elset (22) frå Tønsberg vil bruke si utanlandserfaring til å hjelpe andre utanlandsstudentar. Ho har studert ved ein internasjonal skule i Sandefjord, jobba frivillig i Buenos Aires, gått på universitet i Birmingham og er no i Spania for å lære seg spansk.

– Eg storkosar meg! Nye kulturar og språk er gøy, men lite slår skjærgarden og fjella i Noreg. Etter å ha budd utanfor Noreg i nokre år merkar eg veldig godt kor mykje eg set pris på røtene mine. Likevel har eg nokre år att før eg returnerer for godt, fortel Dyveke.

Ho skildrar seg som litt over gjennomsnittleg oppteken av ANSA.

– Det skin vel igjennom. Eg vart biten av ANSA-basillen allereie i England. Det er veldig hyggeleg å bli valt inn som landsleiar i Spania. At eg har litt erfaring med å bu utanfor Noreg er godt å ha i denne rolla. Eg forsøker å vere imøtekomande og engasjere meg i menneska eg møter, fortel Dyveke.

LES OGSÅ: Utanlandsstudentar nedlessa i studiegjeld

Spania er eit land med få ANSA-medlemmar. Rekruttering og informasjon er difor heile tida viktig for Spania-leiaren.

– Enn så lenge er vi ikkje så mange. Spania er eit land der mange berre er eitt år på utveksling eller årsstudiar. Spansk kultur er herleg, men somme gongar er det deilig å kunne vere norsk med andre nordmenn. Vi prøver difor å få i gang engasjerte lokallag i byar med mange norske studentar. No har vi to kanonbra lokallag i Madrid og Barcelona. På landsbasis har vi nokre tradisjonar vi liker å halde: julebord, årstur til Andorra og 17.mai-feiring. I tillegg vil vi prøve å få til ein karrieredag, fortel landsleiaren.

Blant dei viktigaste sakene for Spania-sjefen i år er å stille mannsterke i ANSA sine eigne vinterleikar.

– Det hadde vore veldig kjekt å få starta eit lokallag i Fuengirola. Det er ein by som ligg på Costa del Sol og som har mange norske studentar. Eg håpar også at Spania kan stille mannsterke til ANSA Vinterleikar i Sveits. Det er eit knall arrangement, som er blitt arrangert i ei årrekke. I tillegg er det viktig å leggje til rette for dei som vil knyte kontaktar utanfor Spania. Men, det aller viktigaste er at så mange som mogleg kosar seg som student i utlandet!

Les første del av serien vår om Ansa-leiarane i Europa her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE