Det var svaret eg fekk på Peppes i Oslo då eg bad om ei øskje til pizzaen. For oss vestlendingar kan det by på utfordringar å gjera seg forstått på andre sia av fjellet.

 

Prøver du deg med gode vestlandsuttrykk som "hi sida" og "bale" får du ofte eit heva augebryn til svar; sjølv har eg ikkje tal på kor mange gonger eg har måtta oversetja til bokmål for å gjera meg forstått blant austlendingar. Det har til og med skjedd at eg har måtta snakka engelsk. Eg er overtydd om at fjerning av sidemålet ikkje vil gjera det lettare for oss frå nynorsk-Noreg å kommunisera med bokmål-Noreg.

Er det eigentleg slik at nynorsk er så vanskeleg å læra seg? Og er det verkeleg så vanskeleg å forstå oss som «rautar» på nynorsk? Eg trur ikkje det. Eg trur heller det handlar om dei negative haldningane mange har til nynorsk. Medan nokon synes det er  romantisk og trur at me som snakkar nynorsk alltid går rundt i bunad og møtest for å dansa halling, er det minst like mange som ser på oss som bondeknølar og bygdetullingar som prøver å påtvinga dei vår heslege fjøslatin. Kvifor har nynorsken fått dette urettkomne stempelet? Som det eldste av dei to skriftspråka våre, og det einaste som er direkte vidareført frå det opphavlege, norske språket, fortener nynorsken respekt. Dessverre verkar det som at det er «in» å hata nynorsk. Kva er det som er kult med å legga eit skriftspråk for hat? Så lenge nynorsk er ei offisiell målform i landet vårt skulle det berre mangla at alle må ha ein viss kjennskap til det. Om politikarane fjernar det obligatoriske sidemålet, kjem nynorsk til å vera like fjernt for mange bokmålelevar som svensk og dansk. Medan me som har nynorsk som målform like fullt må godta å dagleg bli eksponert for bokmål gjennom tv, aviser og media generelt.

Om det verkeleg er så vanskeleg å læra seg nynorsk for dei som har bokmål som målform, bør ein i same slengen òg kutta ut all anna språkundervisning, som engelsk, tysk og spansk. Klarer ikkje desse elevane å læra seg den andre målforma av sitt eige språk, kan dei umogleg ha noko håp om å klara å læra seg eit utanlandsk språk. Dessutan kan jo umogleg vera relevant for dei å kunna kommunisera med utlendingar når dei ikkje ein gong er interessert i å kunna kommunisera med sine nynorsktalande landsmenn.

Hadde motstandarane mot nynorsk hatt eit litt opnare sinn, hadde dei kanskje sett pris på kunnskapen dei får gjennom å læra to skriftspråk. For om dei klarar å meistra den umoglege nynorsken er det vel ikkje noko språk i verda dei ikkje vil vera i stand til å læra? Så kjære nynorskhatarar: Slutt å syt! Ellers skal eg skubba dykk så de hamnar i aovelto, klakaskadlar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE