Her er dei flinkast til å lesa

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På landsbasis er det lita endring i gjennomsnittleg meistringsnivå frå i fjor til i år, trass i stor sating på lesing i skulen. Det viser ferske tal frå Utdanningsdirektoratet.

På fylkesnivå er det berre elevane i Oslo og Akershus som i snitt presterer betre enn det nasjonale nivået på 5. trinn.

Dei same resultata går også att på 8. og 9. trinn. Oslo og Akershus kjem best ut også der. Men i Oslo er det samstundes flest elevar som får fritak frå dei nasjonale prøvane.

Litt dårlegare
I ti av fylka går det gjennomsnittlege meistringsnivået i lesing ned frå 2011 til 2012, men for dei fleste er det snakk om ein marginal nedgang. I Vest-Agder går snittresultatet går mest ned, med 0,2 karakterpoeng.

Det er færre kommunar i år enn i fjor som har gjennomsnittleg meistringsnivå som ligg over nasjonalt nivå, syner analysen av dei nasjonale prøvane i lesing. Tala viser at forskjellane mellom elevane aukar frå 8. til 9. trinn.

Nasjonale prøvar i lesing vert gjennomført på 5., 8. og 9. trinn, og 180.000 elevar har i år delteke på prøvane.