I fjor fekk 39.600 studentar gjort om delar eller heile stipendet til lån fordi dei hadde for høg inntekt, formue eller trygd. Det er ein auke på 12 prosent frå året før.

mm
Faktaboks

– All støtte til høgare utdanning blir utbetalt som lån. Inntil 40 prosent av lånet blir gjort om til utdanningsstipend etter bestådd eksamen.
– Utdanningsstipend og forsørgerstipend blir behovsprøvt i ettertid mot inntekt, formue og trygd. Overstig inntekt, formue eller trygd fribeløpet, blir heile eller ein del av stipendet gjort om til lån igjen.
– 258.700 studentar fekk støtte frå Lånekassa i 2011. 39.600 av desse (15,3 prosent) får redusert stipend på grunn av for høg inntekt, formue eller tryggja i 2011. I 2010 fekk 35.400 studentar stipendkutt (14,3 prosent).
– 23.000 studentar får redusert stipend på grunn av inntekt over fribeløpet i 2011.
– 6.400 studentar tente meir enn 400.000 kroner. Studenten med høgast inntekt tente 3,3 millionar kronar.

LES FAKTALUKK FAKTA

Dei nesten 40.000 studentane delar seg slik: 23.900 tente for mykje, 7.500 hadde for høg formue og 7.500 hadde for høge trygdeytingar i fjor. Dessutan har 1.800 studentar fått redusert forsørgjarstipend fordi ektefellen eller sambuaren har tent for mykje.

– Mens trenden dei siste åra har vore at fleire har fått ei formue over den grensa dei kan ha, og færre har hatt for høg inntekt, ser vi no at fleire får stipendkutt på grunn av inntekt, mens talet på dei som får stipendkutt på grunn av formue, er stabilt, seier fagdirektør Liv Simonsen i Lånekassen.

Alle som studerer i høgre utdanning får like mykje stønad frå Lånekassen, men studentar som har for høg inntekt, formue eller trygd, får mindre som stipend og meir som lån.

I fjor kunne studentar som fekk stønad frå Lånekassen heile året, tene 140.823 kroner utan at stipendet blei redusert, og dei kunne ha ei formue på opptil 278.589 kroner. Simonsen peikar på at dei aller fleste som studerer i Noreg har inntekt og formue som ligg under grensa og at dei derfor får fullt stipend.

– Studentane kjenner beløpsgrensene, og dei fleste som no får stipendkutt, er klar over at dei har tent for mykje eller har hatt for høg formue. Dei som ønskjer å jobba meir enn inntektsgrensa gir rom for, kan velja å gjera det, konsekvensen er at dei får mindre stipend, seier Simonsen til lanekassen.no.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40
ANNONSE