Vil leggje ned pelsdyrfarmar med tvang

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil tvinge pelsnæringa

Forslaget går ut på ei gradvis nedtrapping før bransjen skal vere heilt vekk i 2019. Som del i nedtrappingsplanen foreslår partiet å forby etablering av nye farmar frå 2015.

Vidare foreslår SV ei gradvis nedtrapping av subsidieringa. Pengane skal i staden brukast på overgangsordningar fram mot 2019, skriv Dagbladet.

Les meir: Forbrukarane nyttar ikkje makta si

Næringa må ikkje kjenne seg lurt
Farmar som ikkje er vekk i 2019, skal leggjast ned med tvang, foreslår partiet.

– Desse fristane er ikkje absolutte, men vi meiner det er viktig å varsle i god tid. Vi tek næringa på alvor, og meiner ho bør få handlingsrom til å avvikle og omstille seg. Næringa må ikkje kjenne seg lurt, seier næringspolitisk talsmann i SV, Alf E. Holmelid.

Les meir: –Jordbruket i ferd med å kollapse

Vil invitere til møte
Norges Pelsdyralslag er ikkje entusiastisk.

– Dette er ikkje ein plan vi har tenkt å stille oss bak, seier samfunns- og myndigheitskontakt Guri Wormdahl i Norges Pelsdyralslag.

Ho vil no invitere partia på Stortinget til eit møte slik at Norges Pelsdyralslag kan gi eit nyansert bilete av næringa.

I dag er det rundt 300 pelsdyrfarmar i Noreg med totalt rundt éin million pelsdyr. Næringa vert subsidiert med rundt 40 millionar kroner i året

Les kommentar: Synnøve Kvamme: Pels er fint…på dyr

Faktaboks