Studentane sviktar høgkulturen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gunnar Bakke, byrådsleiar for kultur, næring, idrett og kirke, meiner undersøkinga ikkje er representativ for Bergen.

– Hadde ein gjort ei analyse av tilbodet spesifikt i Bergen, trur eg studentar og unge hadde kome høgare opp på lista over kulturbrukarar, seier han.

– Studentane i byen er veldig flinke til å skape sitt eige tilbod og til å få med seg jamaldringane sine. Vi ser det altså ikkje som vår primæroppgåve å støtte studentkulturen, men vi gjev likevel midlar til slike tilbod frå tid til annan, seier Bakke.

Avhengige av støtte
Sofie Marhaug (22) nyttar seg som regel av kunst- og kulturtilbodet i Bergen to til tre gonger i veka, og kan med rette kallast en storforbrukar. Ho representerer dermed eit mindretal av byens studentar, og meiner det beste kommunen kan gjere for å få med seg fleire, er å støtte opp om dei eksisterande organisasjonane. Ho er ikkje samd med byrådsleiar for kultur, Gunnar Bakke.

– Eg meiner det er ein av kommunens primæroppgåve å støtte studentkulturen, sjølv om den bør drivast av studentane sjølve. Ei slik støtte er studentane avhengige av.

– Over 100 er for mykje 
Marhaug er ofte å finne på kino, konsertar og andre kulturtilbod. Som for mange andre studentar er pris avgjerande.

– Å betale over 100 kroner for et kunst- eller kulturarrangement tykkjer eg i dei aller fleste tilfelle er for dyrt. Her meiner eg særleg galleria er flinke til å leggje til rette for studentar. Undersøker ein desse tilboda nøye, og går til rett tid, kan ein syrgje for å få med seg veldig mykje heilt gratis, fortel Marhaug. Ho tykkjer Bergen i det store og heile er gode på pris, men at byen kan verte betre.

Les også: Vil skapa nynorsk kraftsentrum i Bergen

Smalare høgkultur
Når det kjem til kunst- og kulturtilbodet generelt, er Bakke nøgd med kombinasjonen av «smale» og «breie» tilbod. Det mest overraskande ved rapporten meiner han, er at den peikar på «høgkulturen» i Noreg som i større grad for eit smalare publikum.

– Det store spørsmålet er alltid om for mykje av midla går til å tilfredsstille eit einskild publikum, men sjølv om dette moglegvis er ein trend i Noreg, trur vi ikkje det er tilfellet i Bergen per i dag. 

Les også: Folk blir rausare av kultur

– Ikkje overraska
Silje Gripsrud, kommunikasjonssjef ved Festspillene i Bergen, er ikkje overraska over resultatet i rapporten.

– Vi har i fleire år hatt eigne publikumsundersøkingar og veit at kjernepublikummet vårt har ei overvekt av kvinner på rundt 50 år, med høg utdanning. Så det er vel gjerne mange av dei såkalla kulturkjerringane også hjå oss, seier ho.

Rapporten slår fast at målretta programmering, praktisk tilrettelegging av tidspunkt og val av arena, gjer at ein når ut til eit breiare publikum.

– Dette er noko vi tek med oss i den nye strategiplanen vi held på å utvikle, i tillegg til at vi ser på korleis vi betre kan kommunisere det tilbodet vi faktisk har. Festspillene er så mykje meir enn folk gjerne trur, fortel Gripsrud.

Kva gjer de for å nå ut til studentane?

– Vi har en fast pris på 150 kroner til dei som er under 30 år. I tillegg inviterar vi kvart år til «Studentimpulser» i forkant av Festspillene saman med ei rekkje studentorganisasjonar. Bergen er ein studentby og studentar er naturleg nok ei særs viktig publikumsgruppe for oss. Vi har ei rekkje planer på dette området, men vil gjerne også ha råd om korleis vi betre kan nå ut til studentane, seier Gripsrud.

Les også: Kaizers-avslutning i Bergen

Festspillene i forandring
Ho viser til at talet på studentbillettar på Festspillene har auka dei siste åra, men at det likevel er mange som ikkje nyttar seg av tilbodet.

– Festspillene har ein lang historie og ein del tenkjer nok framleis på det som noko for «fiffen» eller trur vi berre presenterar klassisk musikk. Sjølv om vi er ein knutepunktfestival for denne musikksjangeren, har vi stor breidde i programmet. Vi vil aldri bli ein pop/rock-festival, men vi har mange arrangement som vendar seg kanskje aller mest til eit yngre publikum, seier Gripsrud. 

Les saka i Studvest!(På bokmål)

Faktaboks

Kunstkonsum i storbyane

Rapport frå Agderforskning bestilt på oppdrag frå Bergen kommune.  

Målsetjinga er å få ein finmaska oversikt over brukarane og ikkje-brukarane, av det offentleg finansierte kunst- og kulturtilbudet i Noregs fem største byar.

Unge under 30 år vert rekna som ei av fire gruppe «ikkje-brukarar».

Festspillene i Bergen er ein av institusjonane som vart vurdert i rapporten .

Tendensen i rapporten, er at den såkalla høgkulturen når eit smalare og eldre publikum.

Med «høhkultur» meines det her opera, klassisk musikk, teater og museumsbesøk.