Så mykje sakspapir har Vetle fått

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mykje saks- papir har Vetle fått

Vetle Wang Soleim blei valt inn for Høgre i kommunestyret og formannskapet på Smøla i fjor. Han er tidlegare leiar av Nasjonalt Ungdomspanel, og viss Møre og Romsdal Unge Høgre får det som dei vil i nominasjonen, kjem han på ein 3. plass på stortingslista. Då kan i så fall bli tidenes yngste stortingsrepresentant om meiningsmålingane held fram med å vera så gode som no.

I dag er det Arbeidarpartiet som har ordføraren i Smøla. Korleis er det å vera folkevald i opposisjon?

– Det er av og til eg tenker at "åh, kor godt det hadde vore å ha posisjonen!" når det kjem saker eg brenn for eller Høgre ønskjer at ein skal gjera det på en annen måte enn posisjonen. Likevel krev det like mykje av deg når det gjeld å finna alternative budsjettforslag og andre løysingar som når du sit i posisjon. Veljarane må sjå at ein kan å sitja i posisjon også!


Har du fått gjennomslag for noko?

– Eg har fått gjennomslag for at det skal lagast ein bustadbyggeplan for unge på Smøla. Utleigemarknaden vår er veldig liten og unge som vil byggja sin eigen bustad kan ha vanskeleg med å finna gode tomter. Her har kommunen ei viktig rolle som tilretteleggar. I tillegg har eg bede om ei evaluering av overgangen mellom ungdomsskule på Smøla og vidaregåande utanfor øya.


Kor mykje tid bruker du på politikken?

– Som nestleiar i Møre og Romsdal Unge Høgre, medlem i formannskap og utval og i tillegg kommunestyret og varamann til fylkestinget blir det mykje politikk! Sjølve møta tar ikkje så veldig lang tid, men å lese 150-300 sider sakspapir i løpet av ein månad krev jo ein del tid. Mykje reise og aktivitetar gjennom Unge Høyre er også fornøyeleg tidsbruk.


Kva gjer du i Livsløpsutvalget og formannskapet?

– Livsløpsutvalet har ansvaret for blant anna skule og helse, noko som gjer det til eit utval med stort ansvarsområde. Det blir difor mykje snakk om skulepolitikk, sjukeheimsplassar og andre utfordringar innan helsesektoren. Det skjer mykje i formannskapet. Dette fordi alle saker, med nokre unntak, kjem gjennom formannskapet. Enten stoppar dei der eller så går dei vidare til kommunestyret for endeleg behandling. Då behandlar ein alt frå jaktforvalting og dispensasjonar til klager på vedtak gjort av kommunen.

Kva har du lært?

– Eg har lært at ein må stola på seg sjølv i avstemmingar, sjølv om det kan vera veldig vanskeleg. I tillegg er det veldig rart å vera på den andre sida av offentligheita når det er saker som er unntatt offentligheit. Det er bare dei seks andre i formannskapet ein kan diskutera saka med.

Har du nokre tips til andre ungdommar som vurderer å bli med i politikken?

– Bli med! Du lærer heilt utruleg mykje om alt muleg rart, ein blir veldig god på å lesa og sila ut kva som er viktig, i tillegg at det hjelper på vitnemålet å kunne snakka og skriva bra. Det er også kjekt å ha på CVen at du har vore engasjert i politikken og hatt tillitsverv.

Kva tenkjer du om at de no får alle papira på iPad?

– Vi hadde vårt første formannskap med iPad for nokre veker sidan, og det var ei veldig positiv oppleving. Å fjerna ein bunke med papir og erstatta det med eit lesebrett var veldig godt. I tillegg vil me kunne lagra sakspapir på ipaden slik at dei er lett tilgjengelege òg til seinare bruk.

Cirka kor mange kilo papir sparar kommunen i året på at politikarane får iPad i staden? Veit du noko om reknestykket – kor lang tid det tek før ein tenar inn ein iPad?

– No etter eitt år som folkevald har eg veid alle papira eg har fått frå kommunen, og det er 14 kg. Eg har tre verv i kommunen, og sit i livsløpsutvalet, formannskapet og kommunestyret, og me er til saman sju representantar i formannskapet. Ser ein på dette veldig enkelt kan ein multiplisera 14 kilo med sju representantar og me får nesten 100 kilo papir berre for dei som sit i formannskapet. Tar ein med innkjøpskostnader av papir og porto på å senda det ut vil eg tru ein tener inn ein ipad rimeleg raskt. Dette er bra både for miljøet og for innbyggarane fordi me no kan bruka meir pengar på noko anna. Rådmannen forventar at me sparar mellom 60.000-70.000 kroner på dette tiltaket.