Utanlandsstudentar nedlessa i studiegjeld

Dei siste seks åra har studiegjelda til norske studentar som tar grader i utlandet auka med 40 prosent. ANSA legg skylda på regjeringa si støtteordning for utanlandsopphald.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nedlessa i studiegjeld

Statsbudsjettet for 2013, som kom ut i førre veke, viste ingen teikn til å betre situasjonen for utanlandsstudenten. President Henriette Thommessen i Association of Norwegian Students Abroad (ANSA) hevdar det er stor avstand mellom regjeringa sine ambisjonar om satsing på internasjonal utdanna kompetanse, og den faktiske tilrettelegginga dei har gjort dei sju siste åra.

– Eg er oppriktig skuffa over statsbudsjettet for 2013. Det er synd at regjeringa ikkje ser potensialet i å støtte utdanning i utlandet. Ein læreplass i utlandet kostar staten mindre enn ein tilsvarande plass i Noreg. Til dømes vil éin medisinstudent i utlandet spare staten 1,8 millionar kroner. Det vil seie at staten kan tene på å betre støtteordninga for utanlandsstudentar, seier ho.

LES OGSÅ: Uroa over dyre utanlandsgrader

Mindre stipend
Studentar som ønska å ta ei heil grad i utlandet før 2005 fekk dekka skulepengane sine 100 prosent av stipend. I dag er saka ei heilt anna.

– Den reelle stipendstøtta av lånet ein får i skulepeng, går heilt ned til 25 prosent av lånet for bachelorstudentar og 35 prosent for masterstudentar. Prosentandelen avheng av kva land du vel å studere i då det er forskjell på avgifta ein betaler i skulepengar, seier Thommessen.

Forskjella i stipend for bachelor- og masterstudentar har ifølgje Thommessen ført til ei fråfall i utanlandsrekrutteringa.

– Rekrutteringa til utlandet startar tidleg. Om ein tek bachelorgrada si i utlandet er sannsynet større for å gjere det same med ei mastergrad. Då stipendstøtta til bachelorgrad i dag er mindre enn mastergrad, fører dette til eit fråfall i rekrutteringa, seier ho.

Thommessen synes det er synd at dagens støtteordning skapar ei barriere for mange studentar som ønskjer å utdanne seg i utlandet.

– Det verkar som regjeringa meiner det er opp til den enkelte studenten å påta seg investeringa utbyttet av eit utanlandsopphald gjer Noreg. Dermed blir det hovudsakleg studentar frå ressursstreke heimar som får moglegheita til å dra ut, seier ho.

Ingen fullfinansiering
Statssekretær Ragnhild Setsaas i Kunnskapsdepartementet (KD) er ueinig i at staten skal måtte fullfinansiere utanlandsstudia til norske studentar.

– Samanlikna med andre land har Noreg ei svært god utdanningsstøtteordning for studentar som tek utdanninga utanlands. Vi meiner det er viktig at studentane er medvitne om at eit studieval har økonomiske konsekvensar, seier ho.

Setsaas innrømmer at den høge gjeldsauka til utanlandsstudenten delvis kan skuldast lågare stipendstøtte, men påpeiker at det til saman blir gitt mykje meir skulepengstøtte i form av lån enn tidligare. Val av studier og land har også noko å seie.

– Fleire og fleire studentar vel å studere i land med høge skulepengar som til dømes England, Australia og USA. Vi har også sett ei auke av studentar som vel å ta lengre utdanningar i utlandet, som til dømes medisin, seier Setsaas.

GÅ TIL TEMASIDENE VÅRE FOR STUDIER OG JOBB I UTLANDET!

Mastergrad blir prioritererte
Setsaas avviser at dagens forskjell i stipendordninga for bachelor- og masterstudentar er ei urettferdig fordeling.

– Gradsstudentar på masternivå er prioritert, fordi internasjonaliseringsgevinsten er større dersom studentane tek høgare gradsstudium i utlandet, seier Setsaas.

Ho meiner ANSA har feil fokus når dei samanliknar utanlandsstudentar med studentar som tek utdanninga si i Noreg.

– Det er forskjell på studentar i utlandet, som ofte betaler skulepengar, og studentar i Noreg som i hovudsak ikkje betaler skulepengar. Studentar i Noreg som betaler skulepengar får all støtte til dette som lån, og vil dermed ha ei gjeldsbyrde som er ganske lik som for utanlandsstudentane, seier Setsaas.

LES SAKA I UNDER DUSKEN!