Harald Rønneberg får Dialektprisen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 17.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Harald Rønneberg har gjennom ei årrekkje vore ein stødig og positiv ambassadør for haldensmålet i det offentlege rommet, og eit godt språkleg føredøme for ungdom, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

Harald Rønningen takkar for prisen, og seier dette til Framtida.no om prisutdelinga:

– Det er utruleg gøy å bli tildelt denne prisen! Eg er ein stolt østfolding og haldensar som veit godt kvar eg kjem frå. Sjølv om eg ikkje er den med det breiaste målet så føler eg at den er ein veldig stor del av meg.

– Ein finn ikkje ein bedre icebreakar enn ein jovial østfoldialekt! Går det trått på fest og østfoldingen opner kjeften, så blir det triveleg med ein gong, legg han til.

Hevar statusen
Dialektprisen blir delt ut éin gong i året, og går til offentlege personar som har utmerkt seg med god og genuin bruk av dialekt. Sture framhevar at Rønneberg bruker ein dialekt som ikkje så mange andre viser fram på TV.

LES OGSÅ: Therese Johaug får dialektprisen

– I Noreg har dialektar generelt høg status, men særleg på Austlandet blir enkelte dialektar sett meir ned på. Talemålet i hovudstaden har til dømes mykje høgare status enn dialektane i områda rundt. Østfoldingen Harald Rønnebergs konsekvente og sjølvsikre dialektbruk er med på å motverke denne ulikskapen, forklarer Sture i ei pressemelding.

Rønneberg får overrekt prisen under Norsk Målungdoms haustkonferanse i Drammen no på laurdag.

Folkekjær prisvinnar
Harald Rønneberg (f. 1973) er frå Halden i Østfold, og har vore programleiar på TV2 i nærare ti år – fyrst i Idol, deretter for Senkveld. Rønneberg har tidlegare vunne fleire Gullruten-prisar, og er no den fyrste østfoldingen som blir tildelt Dialektprisen.

LES OGSÅ: Dette er Noregs mest sexy dialekt

Prestisjetungt
Dialektprisen har blitt delt ut årleg sidan 2001. Prisen har opparbeidd seg status som ein av dei mest prestisjetunge språkprisane i Noreg – kanskje særleg fordi prisen blir vedteken gjennom ein demokratisk prosess av språkengasjerte ungdomar. Blant tidlegare prisvinnarar finn vi namn som Ravi, Ingrid Bolsø Berdal, Eli Kari Gjengedal og Lars Vaular.