Wordfeud gjer ordboka populær
Ordspelet Wordfeud får æra for at trafikken til ordboka på nett er dobla.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Gjer ordboka populær
Det siste året har nordmenn søkt i bokmålsordboka på internett 39 millionar gonger, noko som er dobbelt så mange gonger som året før. No får ordspelet Wordfeud æra for den kraftige auken, skriv NRK.
– Heilt sidan vi lanserte den digitale ordboka i 1994 har trafikken auka langsamt år for år. Men etter september i fjor fekk vi plutseleg eit veldig hopp i bruken, seier førsteamanuensis Christian-Emil Ore til NRK.
Ore trur det kjem av at folk har starta å bruke ordboka på nye måtar. Han fortel at den store nye brukargruppa leitar etter kva ord som finst, medan tidlegare blei ordboka først og fremst brukt til å sjekke staving og bøying av ord.
– Enten må nordmenn plutseleg ha fått ein ny og forrykande entusiasme for kryssord. Eller så må auken kunne tilskrivast Wordfeud. Av desse to alternativa er det vel det siste som verkar mest sannsynleg, seier Ore til NRK.
Det var nemleg i fjor haust at interessa for ordspelet Wordfeud verkeleg skaut fart. Totalt er den norske versjonen av spelet no lasta ned til telefon og nettbrett 1,3 millionar gonger. Spelet finst i både bokmåls- og nynorskversjon. (©NPK)
LES OGSÅ: No er nynorsk Wikipedia her
På Startsida.no kan du søkja direkte i ordboka!
Faktaboks
Her er dei mest søkte oppslagsorda i den nynorske ordboka siste 30 døgn:
1. skrive
2. vere
3. være
4. velje
5. gi
6. komme
7. bli
8. gjere
9. finne
10. sjå