Mårhunden er godt skikka til å overleve i norsk natur og kan spreie seg raskt til nye område, viser ein ny forskingsrapport.

NPK
NPK
Faktaboks
LES FAKTALUKK FAKTA

Rapporten er laga ved universitetet i Trondheim (NTNU) og basert på studiar av mårhund med radiosendarar.

Studien, som er finansiert av Direktoratet for naturforvaltning (DN), stadfestar mellom anna at hoer og hannar har lik åtferd, og at dei godt kan flytte seg parvis til nye område. Undersøkingane tyder òg på at dyra trivst best i våtmarker i låglandet, og at mårhundar på vandring mest sannsynleg kan komme langs vassdraga frå Sverige og Finland til Noreg.

Éin av mårhundane som forskarane følgde i 2010, vandra frå Bottenvika gjennom heile Nord-Sverige via Finland til Kautokeino kommune.

– Dette stadfestar at mårhunden har stor vandringskapasitet, og at eit barskt vinterklima ikkje er noko hinder for at han spreier seg, seier seniorrådgivar Erik Lund i Direktoratet for naturforvaltning (DN).

– Vi kan likevel ikkje konkludere med at mårhunden kjem til å etablere seg i slike område, seier han.

Så langt i år er det meldt inn rundt 200 observasjonar av mårhund over heile landet, men Statens naturoppsyn har så langt ikkje klart å stadfeste nokon av dei. Berre ni førekomstar av mårhund er til no dokumenterte i Noreg, seks i Nordland og tre i Finnmark. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.39

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE